Ottaviano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ottaviano

Ottaviano er ein by og ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia. Kommunen har 24 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 19,8 km². Ottaviano ligg under Vesuv, ikring 20 km aust for Napoli.

Under Romarriket var Ottaviano ein liten landsby på det veldige godset Octaviorum, ein eigedom som høyrde til Octavia-ætta, slekta keisar Augustus var ein del av.

Ottaviano vart i 1944 mykje skadd under eit vulkanutbrot på Vesuv. På 1980-talet var Ottaviano kjend som høgborga til forbrytarbanden Camorra.

Mest heile Vesuv nasjonalpark ligg i kommunen. Nasjonalparkleiinga held til i Medici-slottet i byen. Ottaviano kommune omfattar også landsbyane Furchi, San Gennarello og Zabatta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]