Ottilie Bie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ottilie Bie
Fødenamn Ottilie Margrethe Reinhardt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. november 1864
Kristiansand kommune
Død

2. april 1927 (62 år)
Drammen kommune

Yrke politikar, kvinnesaksforkjemper
Far Peder Ferdinand Reinhardt

Ottilie Margrethe Bie (19. november 18642. april 1927) var ein norsk politikar og kvinnesaksaktivist. Ho var ei av dei fyrste kvinnelege bystyrerepresentantane i Drammen.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ottilie Bie var dotter av handelsmann og konsul Ferdinand Reinhardt (1836–1908) og Andrea Henriette Marie Bessesen (1839–1901), ei dotter av presten Bernt Tobias Bessesen.[1] Bie vart 24. mai 1887 gift i fødebyen Kristiansand med stadsfysikus Christen Helmer Bie (1859–1943) og flytta same år til Drammen.[2] Dei var foreldre til friidrettsutøvaren Ferdinand Reinhardt Bie (1888–1961).[3]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ved kommunestyrevalet i 1901 vart Bie saman med Trine Dietrichs vald inn i kommunestyret i Drammen. Dei var dei fyrste kvinnene til å verte valde inn som representantar der.[4] Ho representerte partiet Høgre, og møtte i bystyret i tre periodar frå 1902 til 1910. Den siste perioden sat ho også i formannskapet i kommunen.

Ottilie Bies vei i Drammen er kalla opp etter ho.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skjelderup, Arthur (1918). Familien Mørch (fra Christianssand). J. Petlitz. s. 29. 
  2. "Norway Marriages, 1660-1926", database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N71S-7ZB : 25 January 2020), null in entry for null, 1887.
  3. Studentene fra 1906. Grøndahl. 1931. s. 31. 
  4. Reistad, Gunhild Ramm (1996). Det startet på Bragernes torg for 100 år siden. [Foreningen]. s. 14. 
  5. Ruud, Arnt (1979). Drammen byleksikon. Buskerudbanken. s. 98. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]