Otto Hageberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Otto Annkjell Hageberg)
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Hageberg
Fødd12. juli 1936
Fitjar
Død24. november 2014
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkespråkforskar, professor, litteraturhistorikar, biograf
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Otto Annkjell Hageberg (12. juli 193624. november 2014) [1] var professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, opphavleg frå Fitjar. Hageberg tok hovudfag med ei oppgåve om Tor Jonsson i 1965. Han arbeidde i hovudsak med nynorske forfattarar og nynorsk skriftkultur, mellom anna Tarjei Vesaas og Olav Duun. Han gav ut fleire bøker, den siste er "Svidd sjel, ein biografi om Ragnvald Skrede".

Hageberg engasjerte seg òg på andre felt, mellom anna som den første leiaren i Foreldreforeninga for MBD-barn, det som i dag er kjend som ADHD-foreninga. Han var svigerfar til Helene Uri.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Frå Camilla Collett til Dag Solstad: spenningsmønster i litterære tekstar. Det norske Samlaget, 1980.
  • Olav Duun. Samlaget, 1995.
  • Forboden kjærleik: spenningsmønster i Olav Duuns dikting. Det norske Samlaget, 2002.
  • Svidd sjel. Samlaget, 2003.

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]