Otto Bastiansen
Otto Bastiansen | |
Fødd | 5. september 1918 Balsfjord |
---|---|
Død | 2. oktober 1995 |
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | fysikar, professor, kjemikar |
Institusjonar | Universitetet i Oslo Noregs tekniske høgskole Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet |
Medlem | Norges Tekniske Vitenskapsakademi Kungliga Vetenskapsakademien Det Norske Videnskaps-Akademi |
Otto Christian Astrup Bastiansen (fødd 5. september 1918 Balsfjord, død 2. oktober 1995) var ein norsk professor i kjemi.
Han vart cand.real. ved UiO i 1943 og dr.philos. i 1949. Han var i Odd Hassels forskargruppe ved Kjemisk institutt (UiO) frå 1945 før han i 1955 tok over professorat i teoretisk kjemi ved Norges tekniske høgskole i Trondheim etter Christen Finbak. Tormod Førland tok over professoratet etter Bastiansen då han 1962 vart professor i teoretisk kjemi ved Universitetet i Oslo, og to år etter overtok han professoratet i fysikalsk kjemi etter Odd Hassel.[1] Bastiansen var prorektor 1970-72 og rektor ved Universitetet i Oslo 1973-76.
Han var av slekta Astrup, mellom anna var kunstmålaren Nikolai Astrup ein onkel.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑
- «Otto_Bastiansen» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Rektorportrett UiO