Otto Freundlich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Freundlich
Statsborgarskap Deutsches Reich
Fødd 10. juli 1878
Słupsk
Død

9. mars 1943 (64 år)
Majdanek

Yrke bilethoggar, kunstmålar, teiknar, grafikar
Sjanger abstrakt kunst
Otto Freundlich på Commons

Otto Freundlich (10. juli 18789. mars 1943) var ein tysk målar og bilethoggar med jødisk slektsbakgrunn. Han var ein av dei første kunstnarane til å dyrka abstrakt kunst.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Komposition (1930)

Freundlich var fødd i Stolp i Pommern i Det tyske keisarriket (no Słupsk i Polen) og byrja med tannlegestudium før han valde å satsa på kunst. Han drog difor til Paris i 1908 og slo seg ned i Montmartre, der han var nær Picasso, Braque og andre forgrunnsfigurar innan kunsten på den tida.

Han drog tilbake til Tyskland i 1914. Etter første verdskrigen var han politisk aktiv som medlem av Novembergruppa. Han organiserte den første dada-utstillinga i Köln i 1919 saman med Max Ernst og Johannes Theodor Baargeld, og slo seg saman med Abstraction-Création-gruppa i 1925.

Dei tyske nazistane meinte at modernistiske billeduttrykk var «utarta kunst» som hadde utvikla seg feil og blitt «degenerert», både latterleg, dum, sjuk, farleg og ikkje minst «utysk».[1] I 1937 arrangerte styresmaktene den store kampanjeutstillinga «Entartete Kunst» der ein hånte ekspressiv, eksperimentell og abstrakt biletkunst. «Det nye mennesket», Otto Freundlichs skulptur frå 1912, blei plakatmotiv.

Han var hovudsakleg i Frankrike frå 1925 av. Som jødisk og modernistisk kunstnar blei han raskt erklært «entartet» av det nazistiske regimet i Tyskland. Verka hans blei inndregne, og nokre av dei stilte ut til spott og spe.[2] Skulpturen «Der Neue Mensch» («Det nye mennesket») blei fotografert med vidvinkelobjektiv frå ein ufordelaktig vinkel, og pryda plakatane for den store utstillinga i 1937. Skulpturen sjølv forsvann seinare, og ein går ut frå han blei støypt om.

andre verdskrigen braut ut, blei Freundlich arrestert og internert av franske styresmakter. Picasso var blant dei som fekk han fri for ei tid. Han blei arrestert igjen i 1943 og send til konsentrasjonsleiren Majdanek, der han blei avretta same dag han kom fram.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Guide gjennom vandreutstillinga «Entartete Kunst» (digital blakopi)
  2. Beslagsprotokollen viser 5 verk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Otto Freundlich