Otto G.J. Reimers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto G.J. Reimers
Fødd 27. november 1867
Bergen
Død

11. mars 1962

Yrke bonde, politikar

Otto Georg Jahn Reimers (27. november 186711. mars 1962) var ein norsk gardbrukar og politikar, fødd i Bergen og busett i Vikedal i Rogaland.

Reimers var son til ein bakarmeister i Bergen. I yngre år var han elev ved Den Tankske middelskole i Bergen, Bergens tekniske skole og 1886-88 ved Stend landbruksskule. Deretter arbeidde han med jordbruk og meieri i Danmark til han i 1890 fekk jobb som agronom ved Halsnøy kloster. I 1892 slo han seg ned på garden Førland i Vikedal og dreiv denne til han i 1922 skøytte den over til sonen. Frå 1935 var Reimers tilsett ved Norges Kjøtt- og Fleskesentral sitt kontor i Oslo.

Frå 1897 hadde Reimers plass i Vikedal heradsstyre, varaordførar 1907-10 og ordførar 1910-16. Han var skulestyreformann i Vikedal i to periodar. I 15 år var han styremedlem i Stavanger Amts Landhusholdningsselskap.

Reimers fekk plass i landsstyret til Landmannsforbundet/Norges Bondelag i 1919, ein posisjon han hadde til 1933. Han sat såleis sentralt då Landmannsforbundet/Bondepartiet stilte til stortingsval for fyrste gong hausten 1921. Reimers fekk fyrsteplassen på vallista i Rogaland og vart vald til stortingsmann frå fylket. Han lukkast ikkje verte attvald hausten 1924, men vart derimot vald i 1927 og 1930. Perioden 1922-24 var han medlem i Protokollkomiteen, medan han frå 1928 til -32 var medlem av Utanriks- og fagskulekomiteen og Utanriks- og konstitusjonskomiteen. 1933-sesjonen var han permittert. Utanom Stortinget var han medlem i Høifjellskommisjonen tida 1920-40.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]