Otto Grieg Tidemand
| Otto Grieg Tidemand | |||
| | |||
| Fødd | 18. juni 1921 Oslo | ||
|---|---|---|---|
| Død | 10. juni 2006 (84 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | politikar, faglitterær forfattar, flygar, forretningsdrivande | ||
| Utdanna ved | Oslo Handelsgymnasium | ||
| Mor | Else Tidemand | ||
| Alle verv |
| ||
Otto Grieg Tidemand (18. juni 1921–10. juni 2006) var ein norsk skipsreiar og politikar frå Oslo. Han var statsråd 1965-71 i Borten-regjeringa, medlem i partiet Høgre.
Tidemand deltok som flygar i den andre verdskrigen. Etter krigen var over arbeidde han mange år som skipsmeklar, frå 1960 var han skipsreiar. Frå 1962 var han medlem i Høgre sitt sentralstyre. Hausten 1965 fekk han posten som forsvarsminister i ei koalisjonsregjering leia av Per Borten. I juni 1970 vart han flytta over i Handels- og skipsfartsdepartementet. Etter Borten-regjeringa gjekk av i mars 1971, hadde Tidemand ei rekke sentrale verv innom norsk industri, så som styreformann i oljeselskapet Saga Petroleum, reiarlaget Kosmos, Atlas Copco Norge, Vesta Hygea, Norske Fina og Store Norske Spitsbergen Kulkompani.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
- Denne artikkelen bygger på «Otto Grieg Tidemand» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2025.