Otto Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Holm
Fødd 14. april 1843
Bindal
Død

17. juni 1928
Liland

Otto Steen Olsson Holm (14. april 184317. juni 1928) var ein lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Bindal i Nordland.

Holm var son til ein husmann som seinare vart leiglending. Sjølv var han lærar i heimegrendene 1861-64, gjekk deretter Tromsø seminar. Han tok eksamen i 1866 og var så på ny lærar i Bindal fram til 1883. Tida 1871-83 var han også brukar av garden Holm, som han henta etternamnet sitt frå. I desse åra var han ei tid medlem av heradsstyret og varaordførar.

Frå 1883 var Holm lærar og kyrkjesongar i Evenes, samstundes som dreiv klokkargarden. I Evenes var han ordførar og skulestyreformann, samt medlem av forlikskommisjonen og åstadskommisjonen. I 1892 medlem av «lappekommissionens nordlandske avdeling».

Holm var 2. varamann frå Nordlands amt til Stortinget perioden 1880-82, møtte i 1881 frå 3. mai i staden for Jens Dahl. Han møtte også på omframstortinget 1882, då i staden for Christian Havig. Valbolken 1883-85 var han 1. varamann, møtte då i 1882 frå 11. juli for Dahl, og heile 1885-sesjonen for Sofus Arctander. Dei neste fem periodane, 1886-1900, var han fast representant frå amtet. I 1881 var han medlem av tollkomiteen, året etter av Lagtinget og jarnbanekomiteen. Han var i 1883 medlem av tollkomiteen, frå 1885 var han heile tida medlem av protokollkomiteen.

Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]