Brukar:F.bendik/Otto I av Hellas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
F.bendik/Otto I av Hellas
Otto of Greece
Otto I av Hellas; i eksil i Bayern, bilete frå 1865

Otto I av Hellas (gresk: Ὄθων, Βασιλεὺς τῆς Ἑλλάδος, født 1. juni 1815 i Salzburg, død 1867 i Bamberg) var konge av Hellas 1832–62.

Den greske nasjonalforsamlingen valde i august 1832 den liberale bayerske prinsen Otto av Wittelsbach, son av Ludwig I av Bayern, til konge.

Eit opprør i 1843 tvinga han til å kalla saman nasjonalforsamlingen, og i 1844 gav han landet ei grunnlov som etablerer eit representasjonsystem med to kammer; senatet og deputertkammeret. Frå Bayern hadde kong Otto med seg folk som busette seg i landsbyar rundt Athen. Under andre verdskrig vart deres etterkommarar henta heim som folketyskarar og som SS ynskte omplassert til nye tyske koloniar som til dømes Tysk Austafrika. Dei fekk plass i ein leir i Passau, endå dei ønskt seg heim til Hellas.[1]

Gjennom heile si tid som konge stod Otto overfor politiske utfordringar andsynes Hellas’ finansielle veikskap og rolla til styresmaktene i kyrkja si anliggender. Hellas’ politikk var basert på tilknytinga i landet til dei tre stormaktene Storbritannia, Frankrike og Russland, og Ottos evnar og dugleik til å skaffa seg støtte frå stormaktene var nøkkelen til hans grep om makta i Hellas. For å styrkja eigen posisjon freista Otto å spela interessene til stormaktene opp mot kvarandre utan å forverra situasjonen. Då Hellas vart blokkert av den britiske marinen i 1850 og på nytt i 1853 for å forhindra at Hellas angreip Det osmanske rike under Krimkrigen, vart Ottos posisjon blant grekarane langt dårlegare. Som eit resultat var det eit forsøk på å myrda dronninga og til sist den 13. februaren 1862 braut eit nytt opprør ut, ein militærrevolt som førde til at kongen vart avsett 23. oktober 1862. Han døydde i landflyktighet i Bayern i 1867.

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]

  • [1] Otto I i Store norske leksikon

Denne artikkel bygger på nb:Otto I av Hellas 20, september 2016 i Wikipedia på bokmål

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mazower, Tysk Austafrika (1999): Dark Continent, Penguin books, ISBN 0-14-024159-0, s. 166-167