Otto L. Midthun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Otto L. Midthun (11. november 183910. desember 1919) var ein bonde, politikar og telefonkonstruktør frå Eivindvik i Gulen kommune.

I åra 1868 - 1898 var Midthun telegraf-arbeidsstyrar 1868-1898 og spela difor ei sentral rolle i planlegginga av telefonnetta i Nord-Noreg og på Island. Tre av sønene hans var med på å byggja den fyrste telefonlina på Island frå Seyðisfjörður til Reykjavik kring 1905.

I Gaular står ein lang, smal stein som vart nytta som telefonstolpe. Denne vart reist av Otto Midthun og mannskapet hans i 1892.

Midthun sat som ordførar i Gulen i 1880 - 1881. Kring 1880 starta Midthun også opp butikk på garden Lavik. Denne vart seinare overteken av andre, som dreiv butikken fram til 1940. Midthun vart òg ein av skiparane av Gulen Sparebank i 1886 og var styremedlem der til 1916.

Midthun døydde i 1919.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]