Otto Lilienthal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Lilienthal

Statsborgarskap Kongedømet Preussen
Fødd 23. mai 1848
Anklam
Død

10. august 1896 (48 år)
Berlin

Yrke luftfartsingeniør, flygar, oppfinnar
Språk tysk
Otto Lilienthal på Commons

Otto Lilienthal (23. mai 184810. august 1896) var ein tysk flypioner og oppfinnar. Han er anerkjend for å ha bygd det fyrste vellukka menneskebærende glideflyet, Derqitzer Gliderin i 1891, sjølv om sir George Cayley hadde bygt eit vellukka menneskeberande glidefly nesten førti år tidlegare.

Han har likevel hatt stor innverknad på flyging. Han utførte ca. 2 000 flygingar med glideflyet sitt frå 1891 til han døydde fem år seinare. Lilienthal gjorde den grunnleggjande forskinga innan aerodynamikk og forma til flyging. Han la grunnlaget for Wright-brørne si motoriserte flyging nokre år seinare.

Minnesmerket på Flyberget i Berlin.

Lilienthal opplevde ein del flystyrtar med glideflyet sitt, men desse var alle i låg fart og høgd og gjorde difor ikkje så mykje skade. Den 9. august 1896 knakk vengen på glideflyet hans som følgje av eit kraftig vindkast, han fall 17 meter rett ned og brekte ryggen. Han døydde neste dag, etter å ha sagt: «Opfer müssen gebracht werden!» («offer må gjerast»)

Tegel lufthamn er oppkalla etter Lilienthal. Det finst eit minnesmerke over Lilienthal i Berlins ortsteil Steglitz. Dette minnesmerket heiter Flyberget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]