Otto Lous Mohr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Lous Mohr

Fødd8. mars 1886
Mandal kommune
Død23. juni 1967
NasjonalitetNoreg
Områdegenetikk, medisin, anatomi
Yrkelege, genetikar, politikar, skribent, anatom, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materStavanger katedralskole
EktefelleTove Mohr
BarnTove Pihl, Kai Mohr
MedlemRoyal Academy of Medicine of Belgium

Otto Lous Mohr (8. mars 188623. juni 1967) var ein norsk lækjar og universitetsrektor. Han var gift med Tove Mohr og bror til Hugo Lous Mohr. Tove Pihl var dotter hans.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Otto Lous Mohr tok medisinsk embetseksamen i 1917, og var professor i anatomi frå 1919 til 1952 ved Universitetet i Oslo. I tida frå 1938 var han styrar av Universitetets arvelighetsinstitutt, i tillegg var han frå 1946 rektor ved universitetet til han gjekk av i 1952.

Attåt ei rad genetiske og biologiske avhandlingar skreiv Mohr fleire lærebøker og populærvitskaplege bøker. Hans Arvelighet og sykdom kom også ut i Sverige, USA og Kina. Han gav også ut publikasjonar om humanistiske og sosiale emne.

Mohr tok initiativet til at Norges almenvitenskapelige forskningsråd vart oppretta. Frå 1945 til 1957 var han styreformann i Norsk Rikskringkasting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]