Otto Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Nielsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juni 1909
Trondheim
Død

9. oktober 1982 (73 år)
Oslo

Yrke låtskrivar
Ektefelle Elsa Ramberg
Born Atle Nielsen, Ann-Cathrin Ramberg

Otto Nielsen (19. juni 19099. oktober 1982) var ein norsk programleiar, programredaktør, songar, komponist og viseforfattar. Under den andre verdskrigen dreiv Otto Nielsen med illegalt arbeid og vart teken til fange i 1943 og plassert i konsentrasjonsleiren Grini utanfor Oslo. Han var redaktør i NRK sitt populære radioprogram «Søndagsposten» i 22 år. I den perioden fekk han fram mange nye visekunstnarar, mellom andre Erik Bye, Alf Prøysen, Birgitte Grimstad, Vidar Sandbeck, Lars Klevstrand, Stein Ove Berg, Kari og Ola Bremnes. Saman med søster si, Gerd, danna Otto Nielsen songgruppa Gerd og Otto. Dei debuterte som duo på eit arrangement for BjørnsonforbundetTrøndelag teater i 1930 og spela inn 21 78-plater[1] i perioden 1934 til 1955. I 1982 gjorde dei nyinnspelingar av ein del songar på LP-plata Svanesang i stereo (Polydor). Otto Nielsen vart tildelt juryen sin heiderspris under Spellemannprisen 1975. Han vann i tillegg Leonardstatuetten i 1979.

I 1980 fekk han Alf Prøysens Ærespris.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.Normann Records. Vitja 13. februar 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]