Otto Rode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Rode

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. desember 1842
Gjerpen kommune
Død

4. august 1911 (68 år)
Oslo

Yrke politikar, bonde
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Far Frederik Rode

Otto Frederik Waldemar Rode (18. desember 18424. august 1911) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann. Han var son til Frederik Rode og bror til Carl Theodor Rode.

Rode var fødd på prestegarden i Gjerpen. Han vart gardbrukar på storgarden Frydenlund i Lier. I Lier hadde han ei rekke kommunale verv. 1900-03 var han 1. varamann til Stortinget frå Buskerud, møtte 11.-29. januar 1902 i staden for Bernhard Tandberg. Han representerte Høgre og møtte i vegkomiteen. Perioden 1903-06 var han 2. varamann.

Rode døydde 1911 på garden sin i Lier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914