Otto Ruge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Otto Ruge

Fødd9. januar 1882
FødestadChristiania
Død15. august 1961
DødsstadEidsberg kommune
Ranggeneralløytnant
EiningHæren
Konfliktarandre verdskrigen

Otto Ruge (9. januar 188215. august 1961) var ein norsk offiser, mest kjend for å ha innehatt stillinga som forsvarssjef under krigen i Noreg i 1940. Han var bror til pedagogen Herman Ruge.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Otto Ruge vart fødd i Kristiania 9. januar 1882. Allereie 20 år gammal vart han offiser, og i 1905 tok han Den militære høyskole. I 1915 tok han generalstabeksamen. Frå 1906 tenestegjorde Ruge i alle gradar i generalstaben, og han vart forma under inntrykka av tre store nasjonale kriser: Unionoppløysinga med Sverige i 1905, fyrste verdskrigen og den aukande internasjonale spenning utover i 1930-åra. Oberst Otto Ruge vart sjef for Generalstaben i 1933, og i 1938 trekte han seg frå stillinga og vart tilsett som generalinspektør for infanteriet.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Felttoget i Noreg i 1940[endre | endre wikiteksten]

Etter at general Kristian Laake gjekk av etter usemje om kva som skulle verte gjort den 9. april, vart oberst Ruge forfremja til generalmajor og utnemnd til kommanderande general 10. april 1940 og i tillegg forsvarssjef frå 18. mai 1940.

Ruge vart ein av dei sentrale norske militære under felttoget i 1940. Han tok tak i situasjonen og sende ut yngre offiserar med vide fullmakter og direktiv om taktikk og strategi til dei ulike avdelingane. Om naudsynt skulle lite kampvillige offiserar fjernast. Ruge fekk òg gjennomført endringar i den militære toppleiinga.

Som kommanderande general leidde han dei norske styrkane i kampane i Sør-Noreg fram til 2. mai då 2. divisjon kapitulerte. Saman med regjeringa evakuerte overkommandoen til Nord-Noreg.

Königstein festning
General Ruge ved det mellombelse hovudkvarteret på Nordmo i Øverbygd i juni 1940.

Ruge ga i direktiv ordre om å gje invasjonsstyrkane motstand der det var mogleg. Improviserte motstandsgrupper skulle hindra tysk framrykking, og gje tid og rom for å ta i mot hjelp frå dei allierte. Strategien mislukkast i og med at mange styrkar kapitulerte, samstundes som hjelpa frå dei allierte viste seg for svak. Dei norske styrkane kapitulerte den 10. juni 1940.

Krigsfangenskap 1940-1945[endre | endre wikiteksten]

Etter at kapitulasjonsavtala vart underteikna sat Ruge som krigsfange i direktørbustaden på Grini fangeleir. Den mest umiddelbare grunnen var at Ruge nekta å gje sit æresord om ikkje å gripa til våpen mot Tyskland igjen. Men han hadde på førehand avslått å verta med regjeringa Nygaardsvold til Storbritannia. Dette fordi han, gjennom sit fangenskap ynskte å representera dei av hans underordna som drog over til Storbritannia. I tillegg ynskte Ruge å tena som eit døme for det norske folket i haldningskampen mot okkupasjonsmakta. Han la vekt på at krigstilstanden mellom Noreg og Tyskland bestod.

Den 15. juli vart han transportert med fly til Dresden i Tyskland der han sat i fangenskap på Königstein festning. i 1943 vart han flytta til ein Sonderlager i Thorn (polsk Toruń) i Polen. Derifrå kom han sommaren 1944 til Oflag XXI-C i Ostrzeszów i Polen, der dei andre norske offiserane som var krigsfangar sat. Mot slutten av krigen vart han overført til Schildberg og deretter til Luckenwalde (Stalag III A).[1][2] Då sovjetiske styrkar erobra Luckenwalde vart Ruge send til Moskva og kom heim 3. juni.[3] I Moskva klarte han å hindra at dei gjenverande norske offiserane i sovjetisk sone vart send til Noreg via Sovjetunionen og Murmansk. I staden vart dei verande i Luckenwalde i den sovjetiske okkupasjonssona. Ruge overtydde Johan Bernhard Hjort om å verta verande i Groß Kreutz så lenge som mogleg fordi Ruge meinte det var svært nyttig å ha nordmenn i nærleiken av Berlin når det tyske samanbrotet kom.[4] Bakgrunnen for at omkring 800 gjenverande norske offiserar skulle sendast Murmansk var ei avtale frå Jalta om at dei norske soldatane skulle setjast inn i kamp ved Kirkenes.[5]

Karriere etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Kommandantbustaden, Høytorp fort

Ruge gjeninntrådte som generalløytnant og forsvarssjef den 16. juli 1945, men tok avskjed allereie 1. januar 1946. Dette var ein konsekvens av at Ruge hadde samarbeidsproblem og usemje med forsvarsminister Jens Christian Hauge. Ruge ynskte å reise eit kvantitativt sterkt forsvar på kort sikt, medan Hauge ynskte å byggja opp eit forsvar som var sterkt basert på våpentypar som var på høgd med samtidig teknologi.[6]

Ved avskjeden vart Ruge tildelt ein æresbustad ved Høytorp fort, i kommandantbustaden (lokalt kjent som Rugevillaen), der han budde fram til han døydde i 1961.[7]

Otto Ruge gav i 1946-1947 ut verket Annen verdenskrig i tre band.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Ruge vart heidra for innsatsen som kommanderande general med storkross med kjede av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen[8] Han var òg kommandør av Dannebrogordenen, kommandør av Svärdsorden, innehavar av Bronze Star og storoffiser i Æreslegionen.[9]

Til minne om Otto Ruge[endre | endre wikiteksten]

Ruge har fleire vegar oppkalla etter seg. I Mysen går General Ruges vei i Høytorpåsen, like nedanfor æresbustaden hans. I Oslo går General Ruges vei mellom Ulsrud og Skullerud. Det er òg ein veg i Elverum, med same namn. Ein General Ruges veg ligg òg i nordbyen på Gjøvik. I Bærum kommune er ein veg kalla Otto Ruges vei på Østerås/Eiksmarka, og i Sandnes ligg General Ruges vei ved Vatneleiren (tidlegare HTKSØ) i Hana bydel. Ein statue av general Ruge vart avduka av kong OlavTerningmoen i 1981.

Han er gravlagd på Vestre gravlund

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nordmenn i fangenskap 1940-1945: alfabetisk register. Universitetsforl. 1995. ISBN 8200223728. 
  2. I tysk krigsfangenskap: norske offiserers opplevelser i Polen og Tyskland 1942 - 1945. Gyldendal. 1950. 
  3. Anker, Peter (1903-1977) (1971). Frihetens gisler: fra hjelpearbeidet for de norske fangene 1940-1945. Gyldendal. ISBN 8205003262. 
  4. Ottosen, Kristian (1921-2006) (1998). Redningen: veien ut av fangenskapet våren 1945. Aschehoug. ISBN 8203223044. 
  5. Klungnes, Einar (1995). Hverdagskrigen i Rauma. Rauma kulturstyre. ISBN 8299348803. 
  6. Lindeland, Torkel (1999). Forsvarets øverste ledelse 1945-1961. Oslo: Institutt for forsvarsstudier. s. 21. 
  7. Dukstad, Sigurd (1994). Transportregimentet 1946-1994: historisk oversikt. Mysen: Transportregimentet. s. 34. 
  8. Norges Statskalender 1948 s. 1091.
  9. «Otto Ruge». Store norske leksikon. Henta 8. juni 2012. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]