Otto Schreuder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Schreuder
Fødd30. april 1856
Død12. mai 1941 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
FarWilhelm Schreuder
Alle verv

Otto Kristian Schreuder (30. april 185612. mai 1941) var ein norsk forretningsmann og høgrepolitikar frå Skjerjehamn i Gulen kommune.

Då Otto Schreuder skulle konfirmerast i i 1873, drukna systera Jenny og faren Wilhelm Schreuder ved Haukøy på veg til Eivindvik kyrkje. Nokre år etter overtok Otto den gamle handels- og gjestgjevarstaden Skjerjehamn etter faren.

Otto Schreuder bygde Skjerjehamn ut til ei stor verksemd med hotell, stort handelshus, trelasthandel og eksport av fisk og hummar til England. Ifylgje avisa Sogn og Fjordane sende alle laksefiskarar i Ytre Sogn fangsten til Schreuder i Skjerjehamn, og det vart stor båttrafikk der. I tillegg var Scheuder bonde, han dreiv dampskipsekspedisjon, postkontor og telefonstasjon. I 1886 vart han ein av skiparane av Gulen Sparebank. I 1903 vakte det oppsikt då han kjøpte motorbåt, som ein av dei fyrste i Sogn og Fjordane.

Frå 1903 til 1906 var Schreuder stortingsrepresentant for Høgre. I 1906 vart han tildelt 7. juni-medaljen. Men i 1918 selde han handelsstaden i Skjerjehamn til vêrsonen Johannes Steine og flytte sjølv tilbake til Bergen, der faren kom frå. Otto Schreuder døydde i 1941.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]