Otto Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Otto Vincent Lange)
Otto Lange

Fødd30. november 1797
Jevnaker
Død4. november 1870 (72 år)
Statsborgar avNoreg
Partiingen
Yrkepolitikar
Alle verv

Otto Vincent Lange (30. november 17974. november 1870) var ein norsk stortingsrepresentant og statsråd.

Lange var fødd på Jevnaker, der faren var sokneprest. Han tok examen artium i 1814 i Kristiania, andreeksamen i 1816. Studerte deretter teologi i eit par år. Arbeidde så frå 1818 som huslærar hos statsråd Niels AallUlefoss i tre år. Etter sjukdom og ei lengre sjøreise vart han i 1823 førstelærar ved Arendals borgarlege realskule. Året etter vart han styrar ved skulen. I 1832 var han ein av stiftarane av 'Arendals Skoles offentlige Bibliothek og Museum'.

Lange vart i 1834 tollkasserar i Arendal.

Lange vart vald inn på Stortinget som førsterepresentant frå Arendal i 1833. I 1836 og dei seks påfølgjande stortingsvala (det siste i 1854) vart han vald som førsterepresentant for Arendal og Grimstad. Han var formann i tollkomiteen på alle storting frå og med 1839. Frå 1842 var han, med eitt unnatak, medlem av Lagtinget, i 1845 såleis medlem av riksretten. Lange var elles politisk aktiv i Arendal og sat i bystyret frå 1837 til 1854.

7. oktober 1854 vart Lange statsråd. Dei neste knappe ni åra leia han dels Kyrkje- og undervisningsdepartementet, dels Finansdepartementet. Tre bolkar var han medlem av den norske statsrådsavdelinga i Stockholm. Han gjekk ut av statrådet 22. juni 1863.

Lange fekk fleire ordenar for si gjerning. Han vart riddar av St. Olavs orden i 1847, kommandør i 1857, og i 1863 vart Lange tildelt storkorset av St. Olavs orden «for statsborgerlig og Embedsfortjeneste». To svenske ordenar vart han til del, han bar storkors av Nordstjerneordenen og var riddar av Vasaordenen. Lange var også innehavar av første klasse (tilsvarande storkors) av den osmanske Mecidi-ordenen.

Han døydde i Arendal i 1870. Ulrik Lange var bror hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947.