Otto von Hanno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto von Hanno

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. oktober 1891
Død

10. november 1956 (65 år)

Yrke illustratør
Ektefelle Pus Thaulow, Lillemor von Hanno
Born Tertit von Hanno Aasland

Otto Friedrich Wilhelm von Hanno (14. oktober 189110. november 1956) var ein norsk teiknar og teatermålar. Han var son av arkitekten Carl Wilhelm von Hanno og Ingeborg Gjerdrum og soneson av arkitekten Wilhelm von Hanno. Systera hans, Lillian von Hanno, var hoffdame for dronning Maud, og var leiar for Marinens kvinnekorps under andre verdskrigen.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Otto von Hanno var gift to gongar. Det første ekteskapet var med Erna Wadel, kalla «Pus», som seinare vart ein kjend matskribent under namnet Pus Thaulow. Dei fekk sonen Carl Cato von Hanno saman i 1916. Noko år seinare tok ekteskapet slutt, og i 1927 gifta Otto von Hanno seg på nytt med Bergljot Gjems Selmer, kalla «Lillemor». Som Lillemor von Hanno vart ho eit kjent namn både som teater- og filmskodespelar og som forfattar. Otto von Hanno illustrerte fleire av bøkene hennar. Ekteskapet med Lillemor enda likevel også i skilsmisse.

Sonen Carl Cato hadde utdanna seg til flygar. Då andre verdskrigen braut ut, drog sonen til England for å delta i krigen på sida til dei allierte. Han vart instruktør i Little Norway, og fall i 1941.

Otto von Hanno hadde òg hatt ein militær karriere, og han var major i det norske forsvaret.[2]

Kunstnerisk virke[endre | endre wikiteksten]

Otto von Hanno var ein kjend teatermålar, men verka òg som illustratør. Reklameplakaten hans Si-ko-fuglen frå 1926 vart i 1994 trykka opp i den såkalte Norsik Kalenderen 1995 saman med andre døme på norsk plakatkunst frå mellomkrigstida.

Bøkar illustrert av Otto von Hanno (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Oplevet og hørt. Overtro og bjørnehistorier av Otto Schulz (1934)
  • De og vi av Lillemor von Hanno (1936)
  • Fjellet drar. Fiskerliv av Waldemar Kallevig (1936)
  • Blindebukk av Lillemor von Hanno (1939)
  • Dumme menn og troll til kjerringer av Lillemor von Hanno (1937)
  • Det går et år av Lillemor von Hanno (1940)
  • Soldatens syvende sans (1949)
  • Å verge seg og sine – – utgjeve av Sivilforsvaret (1952)

Andre verk[endre | endre wikiteksten]

  • Oslo Museum har eit flygel i den teaterhistoriske samlinga si som har tilhøyrt Aase Bye, og seinare Dag Frøland, og som er dekorert av Otto von Hanno.[3]
  • Schous byggeri sin reklamefigur Ølbæreren skal ha vore teikna av Otto von Hanno; teikninga signerte han med sine initialar OVH.[4]
  • Posthornfrimerkene er teikna av von Hanno

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Aftenpostens anmelder: NRK bør se til denne boken neste gang de lager TV-serie om kvinner i krig», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 6. desember 2020, henta 2. oktober 2023, «Noen av Norges første kvinnelige marinesoldater på øvelsestokt, trolig i 1943. Tidligere hoffdamen Lillian von Hanno (t.v.) var ansvarshavende for Marinens kvinnekorps. Foto: Aschehoug» 
  2. Foredrag i Oslo Militære Samfund av Stephan Tschudi-Madsen om Otto von Hannos farfar[daud lenkje]
  3. Fotografier og detaljopplysninger om flygelet i Oslo Museums nettgalleri
  4. Auksjonskatalog på nettstedet www.skanfil.no, utropsnummer 2241 Arkivert 17. desember 2010 på Wayback Machine., nettstedet besøkt 4. april 2011