Ottokar I av Böhmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ottokar I av Böhmen
OttocarusPrimus.jpg
Samtidig relieffutskjering av Ottokar I i St Georgeklosteret i Praha
Kong av Böhmen
Regjeringstid11981230
TitlarHertug av Böhmen (1192–1193)
Fødd1155
FødestadPraha
Død15. desember 1230
DødsstadPraha
GravstadSt. Vitus-katedralen
FøregangarVladislav II av Böhmen
EtterfølgjarWencel I av Böhmen
Gift medAdelheid av Meissen, Constance of Hungary
DynastiPřemyslidiske dynasti
FarVladislav II av Böhmen
MorJudith av Thüringen
BornDagmar av Danmark, Anne of Bohemia, Duchess of Silesia, Václav I av Böhmen, Anežka Česká, Judith of Bohemia, Vladislaus, Margrave of Moravia, Přemyslid, Margrave of Moravia, Božislava, Jadwiga Przemyślidka, Guglielma de Bohême, Vratislav, Wladislaw, Margrave of Moravia

Ottokar I (kring 115815. desember 1230) var konge av Böhmen frå 1198 til 1230. Han var son av Vladislav II av Böhmen og Judith av Thüringen.[1] Ottokar var gift med Adelheid av Meissen og seinare med Constance av Ungarn. Han var mellom anna far til Dagmar, som var gift med kong Valdemar Sejr av Danmark, og den heilage Agnes av Böhmen.

Ottokar I til venstre, saman med den andre kona si Constance av Ungarn.

Etter langvarig tronfølgjestrid blei Ottokar hertug av Böhmen i 1197, medan broren hans Vladislav Henrik blei markgreve av Mähren. Allereie i 1198 hadde han kongstitel. Gjennom å slutta seg til keisar Fredrik II av Det tysk-romerske riket vann han i 1212 gjennom ein «gyllen bulle» regulering av Böhmen sitt tilhøve til keisarriket. Ottokar verka også for å auka innverknaden sin over dei böhmiske biskopane og for å sikra krona for ætten sin. Dei siste åra av livet hans blei motsetningar mellom det veksande Böhmen og Austerrike tydelege.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wihoda 2015.
  2. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 20, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 1040. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ottokar I av Böhmen