Hopp til innhald

Ottomotor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gassdriven atmosfæremotor: Otto nr 1.

Ottomotor syner til ein firetakts forgassarmotor, på grunn av at Nikolaus August Otto lenge vart rekna som oppfinnaran av firetaktsmotoren[1]. Det har i ettertid kome fram at landsmannen hans, Christian Reithmann, alt i 1873 demonstrerte ein fungerande firetaktsmotor. Alphonse Eugène Beau var enda tidleare ute, då han i 1862 leverte ei utførleg utgreiing av den termodynamiske syklusen som ligg til grunn for firetakts forgassarmotoren.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Langen, A., Nicolaus August Otto – der Schöpfer der Verbrennungsmotors, 1949.