Kadishadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ouadi Qadisha)
Ouadi Qadisha (Den heilage dalen) og Guds seder (Horsh Arz el-Rab)
verdsarv
Land  Libanon
Del av Ouadi Qadisha (the Holy Valley) and the Forest of the Cedars of God (Horsh Arz el-Rab)
Koordinatar 34°16′58.60″N 35°57′5.84″E / 34.2829444°N 35.9516222°E / 34.2829444; 35.9516222
Verdsarvstad
År 1998 (#22)
Region Den arabiske verda
Kriterium iii, iv
Kart
Kadishadalen
34°16′59″N 35°57′06″E / 34.282944°N 35.951611°E / 34.282944; 35.951611
Wikimedia Commons: Kadisha Valley
Nettstad: http://whc.unesco.org/en/list/850

Kadishadalen (òg kalla Qadishadalen, Wadi Qadisha, Ouadi Qadisha eller وادي قاديشا på arabisk) er ein dal som ligg i Becharre og Zgharta distrikt i Nord guvernement i Libanon. Dalen er ei djup kløft i Kadishaelva, òg kalla Nahr Abu Ali når ho når Tripoli. Kadisha tyder «Heilag» på arameisk, og dalen, stundom kalla Den heilage dalen, har verna kristne klostersamfunn i hundrevis av år. Integriteten til dalen er i fare på grunn av stadig utbygging, ulovlege bygg og inkonsekvent bevaringstiltak.[1] Sjølv om dalen ikkje enno er på farelista til UNESCO,[2] har det vore åtvaringar at om utbygginga held fram, så kan dette bli det neste steget.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den lange, djupe Qadishadalen ligg ved foten av al-Makmal nord i Libanon. Gjennom dalen renn Den heilage elva, Nahr Qadisha, 35 km frå kjelda i ei grotte like nedanfor Guds seder-skogen. Dalsidene er bratte klipper med fleire grotter, ofte meir enn 1000 meter høge. Den mest naturvene delen av dalen strekkjer seg kring 20 km mellom Bsharri (بشري), heimbyen til Kahlil Gibran, og Tourza (طورزا).

Guds seder[endre | endre wikiteksten]

Kadishadalen ligg nær Guds seder-skogen, ein attverande del av den gamle libanonsederskogen, som var det mest kostbare byggemateriale i antikken. Skogen er sagt å består av 375 individuelle tre, to av dei skal vere over 3000 år gamle, ti over 1000 år gamle, og resten minst hundrevis av år gamle. Libanonseder (Cedrus Libani) er skildra i antikke verk om botanikk som det eldste treet i verda. Det vart beundra av israelarane som nytta tømmeret til å byggje Det første og Det andre tempelet i Jerusalem. Historiske kjelder rapporterer om at dei kjende sederskogane byrja å forsvinne rundt tida til Justinianus på 500-talet.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei av grottene i Qadishadalen.

Dei mange Qadishadalen naturlege grottene har vorte nytta som ly og gravplassar så langt attende som eldre steinalder. Det er særleg gjort mange arkeologiske funn frå Aassi Hauqqa-grotta, nær Hawqa i Libanon, frå eldre steinalder, romartida og mellomalderen.

Sidan den første tida med kristendom har Den heilage dalen tent som tilfluktsstad for dei som søkte einsemd. Historikarar trur at Kadishadalen har hatt klostersamfunn heilt sidan dei første åra av kristendomen. Muslimske mystikarar eller sufiar kom òg til dalen for meditasjon og einsemd.

Tidlege kristne samfunn som vart forfølgde, søkte tilflukta i Kadisha. Blant desse gruppene var jakobittar (den syrisk-ortodokse kyrkja), melkittar (gresk-ortodokse), nestoriarar, armenarar og til og med etiopiarar. Maronittane var den dominerande kristne gruppa i dalen. Frå seint på 600-talet, flykta maronittane til dalen frå andre område i Levanten. På denne tida frykta dei forfølging frå jakobittar, som var ikkje-khalsedonske, og som forfølgde khaledonske maronittar, og frå islamske åtak. Dei maronittiske busetnadane auka på 900-talet etter øydelegginga av St. Maron-klosteret. Dei maronittiske munkane slo seg ned i det nye senteret sitt i Qannubin, i hjartet av Qadisha, og klostera spreidde eg raskt kring dei omliggande åsane.[1] Dei tidlege maronittiske busetnadane i dalen bestod både av samfunn og eremittar.

Mamelukksultanane Baibars og Qalaoun førte til felttog i 1268 og 1283, mot festningsgrotter kloster og kringliggande landsbyar. Trass i desse åtaka, vart Deir Qannubin-klosteret setet for maronittiske partiarken på 1400-talet og dei neste 500 åra. På 1600-talet var ryktet til dei maronittisk munkane om fromheit så stort at europeiske diktarar, historikarar, geografar, politikarar og geistlege vitja og til og med slo seg ned i dalen. Den første prentepressa i Midtausten vart bygd i 1610 ved Qozhaya-kloster i Kadishadalen. Han nytta assyriske bokstavar. Prentepressa var òg den første som trykte på arabisk.[5]

Qadisha-mumiane[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå maronittiske mumiar.

Åtte godt bevarte mumiar av maronittiske landsbybuarar attende til kring 1283 vart avdekte av ei gruppe grotteforskarar i Qadishadalen in 1991. Desse vart funne i 'Asi-al Hadath-grotta i lag med ei rekkje lekamar.[6]

Verdsarv[endre | endre wikiteksten]

I 1998 la UNESCO dalen til verdsarvlista si fordi staden er vktig som ein av dei første kristne klostersamfunna i verda.[1]

Byar, landsbyar og kloster[endre | endre wikiteksten]

Bsharri, Dimane, Bane, Tourza, Hasroun, Bazaoun, Bqarqasha, Bqaa Kafra, Brissate, Hadchit, Blaouza, Hadath, Qannoubine-klosteret, Hawqa-klosteret, Mar Elisha-klosteret

Arbet Qozhaya, Ehden, Kfarsghab, Hawqa, Aintourine, Sereel, El Fradiss, Mazraat En Nahr, Beit Balais, Qozhaya-klosteret, Mar Sarkis i EhdenMar Sarkis Ras Al Nahr-klosteret

Kart[endre | endre wikiteksten]

Dei største stadane i dalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]