Oude IJssel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oude IJssel
elv
Isselbrücke Doetinchem.jpg
Oude IJssel ved Doetinchem
Land Flag of Germany.svg Tyskland, Flag of the Netherlands.svg Nederland
Lengd 80 km
Kjelde Borken i Nordrhein-Westfalen
Munning IJssel
Wikimedia Commons: Oude IJssel

Oude IJssel, eller Alte Isseltysk (begge namna tyder «Gamle IJssel»), er ei elv i Tyskland og Nederland, og ei av sideelvane til IJssel frå høgre med ei lengd på 80 km. IJssel er ein av greinene i Rhindeltaet. Oude IJssel var den øvre leia til IJssel fram til ein grov ut ein kanal til Rhinen, sannsynlegvis i romartida.

Rhinen vart då det største bidraget til IJssel, sjølv om relativt lite av vatnet i Rhinen renn denne vegen og inn i IJssel-systemet. Forskjellige sideelvar kan stundom gje ganske mykje vatn til den totale vassføringa i elva, t.d. elvane Berkel og Schipbeek. IJssel er den einaste greina av Rhindeltaet som mottar sideelvar i staden for å spreie seg ut i fleire greiner. Berre nær munningen av IJssel delar ho seg opp i fleire greiner i det litle IJsseldeltaet.

Kjelda til Oude IJssel ligg nær Borken i Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Ho renn først sørvestover før ho nesten når Rhinen nær Wesel, der ho snur nordvestover. Etter Isselburg kryssar ho grensa til Nederland (provinsen Gelderland). Ho renn gjennom Doetinchem og munnar ut i IJssel i Doesburg.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]