Ousmane Issoufi Maïga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ousmane Issoufi Maïga
Fødd1945 (76 år)
Gao
Statsborgar avMali
Yrkepolitikar
Utdanna vedAmerican University
Universitetet i Kiev
VervStatsminister i Mali 2004-2007
FøregangarAhmed Mohamed ag Hamani
EtterfylgjarModibo Sidibé

Ousmane Issoufi Maïga (fødd i 1945 nær Gao) er ein malisk politikar, og var statsminister i Mali frå 29. april 2004 til september 2007. Han hadde frå før hatt ymse ministerpostar i tidlegare regjeringar.

Issoufi studerte økonomi ved universitet i Kiev, då ein del av Sovjetunionen, og ved the American University i Washington DC i USA. Han har arbidd for Verdsbanken og i det franske finansdepartementet.

I 2002 vart han ungdoms- og sportsminister i Mali og var seinare same år ansvarleg for avviklinga av Afrikameisterskapet i fotball i Mali.

Amadou Toumani Touré vart president i juni 2002 vart Issoufi finansminister, seinare same år samferdselsminister. Han vart utnemnd til statsminister 29. april 2004.