Out of Limits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Out of Limits
Singel av The Marketts
frå albumet Out of Limits!
B-side «Bella Dalena»
Utgjeve 1963
Innspelt 1963
Sjanger Surferock
Lengd 2:09
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Michael Z. Gordon
The Marketts-kronologi
«Surfer's Stomp»
(1962)
Out of Limits «Vanishing Point»
(1964)


«Out of Limits» er ein surferockinstrumental frå 1963 skriven av Michael Z. Gordon[1] og framført av The Marketts.

Medan Gordon var på turné med eit band kalla The Routers, skreiv han den første utgjevinga til The Marketts på Warner Bros.. Det vart den største hitten deira og heitte opphavleg «Outer Limits». Dei første utgåvene vart kalla «Outer Limits», og var kalla opp etter TV-programmet med same namn og med musikk i same stil som showet. Rod Serling saksøkte derimot The Marketts for å ha sitert det fire notar lange motivet frå showet The Twilight Zone utan løyve, noko som førte til at tittelen vart endra til «Out of Limits».[2][3]

Songen nådde tredjeplassen på Hot 100 på Billboard-lista i februar 1964. Han låg inne på både Cashbox og Hot 100-lista i 14 veker.[4][5] Songen selde over ein million eksemplar verda over.[6]

The Ventures spelte òg ein populær versjson av songen som kom ut i 1964 på albumet The Ventures In Space.

«Out of Limits» er blitt nytta i i fleire fjernsynsseriar og filmar, som Pulp Fiction (1994), Slayground (1983),[7] The Outsiders (1983) og Mafioso: The Father, the Son (2004).[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Out of Limits». Repertoire.bmi.com. Henta 25. februar 2018. 
  2. Uslan, Michael; Clark, Dick; Solomon, Bruce (1981). Dick Clark's the First 25 Years of Rock & Roll. Dell Publishing Company. ISBN 9780440517634. 
  3. Stewart, Dick. “Up Close With Michael Z. Gordon Of The Marketts.”, The Lance Monthly, May 15, 2005. Accessed February 17, 2012.
  4. Whitburn, Joel (1990). The Billboard Hot 100 Charts: The Sixties (7 December 1963 through 7 March 1964). Menomonee Falls, WI: Record Research Inc. s. 386. ISBN 0-89820-074-1. 
  5. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 380. 
  6. Burke, David. “The Marketts.”, Ace Records. Accessed February 17, 2012.
  7. IMDB, «Slayground» (1983)
  8. IMDB, «Mafioso: The Father, The Son» (2004)