Out of Reach
| Out of Reach Studioalbum av Can | ||
| Utgjeve | Juli 1978 | |
| Innspelt | Oktober 1977 | |
| Sjanger | Krautrock | |
| Lengd | 35:19 | |
| Selskap | Harvest | |
| Produsent | Can | |
| Can-kronologi | ||
|---|---|---|
| Saw Delight (1977) |
Out of Reach | Can (1979)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
| George Starostin | (9/15)[2] |
| Pitchfork Media | (3.7/10)[3] |
Out of Reach er det tiande studioalbumet av det tyske krautrockbandet Can, som kom ut i 1978 på Harvest Records.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Det førre albumet til bandet, Saw Delight, var det første med dei to tidlegare Traffic-medlemmane Rosko Gee og Rebop Kwaku Baah. Dette gjorde at bassist og produsent Holger Czukay gjekk bort frå å spele bass og i staden laga elektroniske lydar[4] sidan Gee tok over på bass. Czukay slutta i bandet under innspelinga av det som vart Out of Reach.[1]
Stil
[endre | endre wikiteksten]Delvis som følgje av at Czukay slutta, er dei nye medlemmane sagt å dominere stilen på dette albumet (eller «innførte ein for streng rytmesans på Can sin ein gong så frittflytande musikk», i følgje ein intervjuar[5]). Rytmane til den kritikarroste trommeslagaren Jaki Liebezeit er i stor grad redusert i høve til perkusjonen til Baah.[1] Dei sterke gitarsoloane på albumet av Michael Karoli er derimot ei lenkej til eldre Can, og har vorte samanlikna med Carlos Santana[6] og Eric Clapton.[2] Gee har blitt rost for å ha skapt ein jazzstil,[1] men samstundes har Out of Reach blitt kritisert for å utforske disco.[6]
Musikk
[endre | endre wikiteksten]Rosko Gee syng vokal på «Pauper's Daughter and I» (og siterer barnerimet i «Jack and Jill») og «Give Me No 'Roses'», og er tilskriven for å ha skrive desse to songane,[1] men i eit intervju frå 1997 med bandet i magasinet Mojo, var denne mangelen på samarbeid i bandet eit teikn på at det var i ferd med å gå i oppløysing.[5] Rebop syng på songen «Like INOBE GOD», som vert skydd på grunn av kjensla av 'ethno-disco',[2] og har vorte kalla den verste songen Can spelte inn.[1]
Dei fire andre songane («Serpentine», «November», «Seven Days Awake» og «One More Day») er instrumentale. Særleg «November» har vorte hylla for den glimrande gitarspelinga,[2] medan andre, som «One More Day», er rekna som svak og uinspirert.[2]
Nyutgjevingar
[endre | endre wikiteksten]Out of Reach vart gjeve ut i lag med albumet Can frå 1979 (som òg vert kalla Inner Space etter studioet til bandet).[7] Det finst fleire utgåver av albumet på CD, som utgåva av Out of Reach (utan Can) på MagMid (TKO Magnum Music) i Storbritannia, men er langt vanskelegare å få tak i enn dei andre Can-albuma.[1] Sidan albumet er det einaste Can-albumet utan innspel frå Holger Czukay (sidan oppfølgjaren Can har noko klipping av Czukay[8]), har bandet nekta å vedkjenne seg albumet dei siste åra og er ikkje ført opp blant dei offisielle Can-albuma på den offisielle nettsida deira,[9] og vart ikkje nymastra på CD i 1990-åra, og heller ikkje gjeve ut på Super Audio CD i 2000-åra, som dei andre Can-albuma vart.[10]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Serpentine[1]» | 4:03 |
| 2. | «Pauper's Daughter and I» | 5:57 |
| 3. | «November» | 7:37 |
| 4. | «Seven Days Awake» | 5:12 |
| 5. | «Give Me No 'Roses'» | 5:21 |
| 6. | «Like INOBE GOD» | 5:51 |
| 7. | «One More Day» | 1:37 |
| Total lengd | 35:19 | |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Rebop Kwaku Baah: Vokal, polymoog synth, perkusjon
- Michael Karoli: Gitarar, fiolin
- Irmin Schmidt: Klaverinstrument
- Rosko Gee: Bass, piano, vokal
- Jaki Liebezeit: Trommer
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Out of Reach (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 3 4 5 6 7 8 9 Mason, Stewart. "Can: Out of Reach» på Allmusic. Henta 21. februar 2007.
- 1 2 3 4 5 Starostin, Georgiy. «Out of Reach». Can. starling.rinet.ru. Henta 8. mars 2013.
- ↑ Richardson, Mark (11. august 2003). «Can: Out of Reach». Pitchfork Media. Henta 8. mars 2013.
- ↑ «Saw Delight». Can Releases. Spoon Records. Arkivert frå originalen 3. januar 2007. Henta 8. mars 2013.
- 1 2 Gill, Andy (April, 1997). «Can». Mojo (London: EMAP Performance). ISSN 1351-0193. Arkivert frå originalen 5. mai 1999. Henta 8. mars 2013.
- 1 2 Prindle, Mark. «Out of Reach». Can. MarkPrindle.com. Henta 8. mars 2013.
- ↑ "Can & Out of Reach» på Allmusic. Henta 8. mars 2013.
- ↑ «Can». Can Releases. Spoon Records. Arkivert frå originalen 1. januar 2007. Henta 8. mars 2013.
- ↑ «Can Releases». Discography. Spoon Records. Arkivert frå originalen 27. februar 2007. Henta 8. mars 2013.
- ↑ «Can ‒ Remastered!!!». News. Spoon Records. 2005. Arkivert frå originalen 1. desember 2005. Henta 8. mars 2013.