Ouverture

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ouverturen til Egmont av Beethoven, skriven til eit skodespel av Goethe.

Ouverture (fransk for 'opning' eller 'forspel') er eit musikkstykke som vanlegvis er skrive som eit orkesterforspel til ein opera, skodespel eller anna dramatisk verk.[1] Ouverturen består ofte av sitat frå resten av musikken i operaen, musikalen eller skodespelet (eit døme er ouverturen til Elverhøi av Kuhlau). Men ein del ouverturar er tematisk heilt frittståande, som Mozart sin ouverture til Figaros bryllup og Rossini sin til Barbereren i Sevilla. Ein del ouverturar er også skrivne som sjølvstendige verk, som 1812-ouverturen til Tsjajkovskij.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Overture | music», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 13. januar 2021 
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.