Ouverture i fransk stil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ouverture i fransk stil
BWV 831
Suite av Johann Sebastian Bach
Sjanger Klavermusikk
Periode Barokken
Komponert 1735
Publiseringsdato 1735
Typisk lengd 30:14
Satsar 8

Ouverture i fransk stil, BWV 831, originaltittel Overture nach Französicher Art , òg kjend som Fransk Ouverture og publisert i andre halvdel av Clavier-Übung II i 1735 (i lag med Italiensk konsert), er ein suite i H-moll for cembalo med to manualar av Johann Sebastian Bach.

Uttrykket «Ouverture» viser til at suiten startar med ein ouverture-sats og var eit vanleg fellesnamn for franske suitar.

Satsar:

  1. Ouverture
  2. Courante
  3. Gavotte I/II
  4. Passepied I/II
  5. Sarabande
  6. Bourrée I/II
  7. Giga
  8. Ekko

Lengda på stykket er om lag 30 minuttar.

Stilen på dette verker referer til komponistar som François Couperin som hadde publisert musikkverk i denne suite-forma. Slike suitar hadde vorte komponert for både soloinstrument og orkester. Bach sine verk, hovudsakleg for cembalo, nyttar ein rikare lyd enn det som var vanleg for dei franske komponistane han refererte til.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bokmelding av Yo Tomita

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]