Ove Arbo Høeg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ove Arbo Høeg
OveArboHøeg-OB.F06049c.jpg
Fødd25. november 1898
Larvik
Død7. juli 1993
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkepaleontolog, botanikar, professor, lichenolog, biolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Ove Fredrik Arbo Høeg (fødd 25. november 1898 i Larvik, død 7. juli 1993) var ein norsk botanikar. Han tok tok examen artium 1917 og vart cand.real. ved Universitetet i Kristiania 1923. I tillegg til biologi studerte han historisk geologi med paleontologi. Plantefosilar vart eit av hovudfelta hans. Han vart dr.philos i 1942 på avhandlinga The Downtonian and Devonian flora of Spitsbergen.

Frå 1923-1925 var Høeg konservator ved Paleontologisk museum i Oslo. 1926–47 arbeidde han ved dei botaniske samlingane ved Videnskapsselskapets museum i Trondheim. 1947-1967 var han professor i botanikk ved Universitetet i Oslo. 1958-1967 verka han som styrar for Botanisk hage og museum ved Universitetet i Oslo. At han utmerkte seg som paleobotanikar, gjorde at han vart leiar for oppbygging av, Birbal Sahni Institute of Palaeobotany, eit forskningsinstitutt i Lakhnaui India. Han arbeidde i tre år med dette UNESCO prosjektet.

Ove Arbo Høeg arbeidde mykje med etnobotanikk. I 1974 gav han ut Planter og tradisjon, ei bok om folkeleg bruk av norske planter. Høeg var i mange år redaktør for Blyttia, tidsskrift for Norsk Botanisk Foreining.

Han var æresmedlem i Norges Naturvernforbund, Norsk Botanisk Foreining og International Organization of Palaeobotany.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]