Ove Eide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ove Eide

Nasjonalitet Noreg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. september 1950 (73 år)
Sandane
Yrke Pensjonist
Sjanger Sakprosa og biografiar

Ove Lidvar Eide (fødd 1. september 1950 på Sandane) er ein norsk forfattar, bokredaktør, lektor og kulturarbeidar frå Sandane i Gloppen kommune. Han har gått inn for å formidla diktaren Jakob Sande, mellom anna gjennom ein biografi.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ove Eide tok hovudfag i nordisk ved Universitetet i Bergen, der han tok for seg forfattaren Lars Rustbøle. Sidan skuledagane har han hatt eit nært tilhøve til Jakob Sande, og Eide har lenge redigert og bidrege til utgjevingane om Jakob Sande som Jakob Sande-selskapet kjem med annakvart år.

Eide sin store biografi over Jakob Sande, som kom ut i 2006, har vore eit livsprosjekt for han. Per Olav Kaldestad frå Bergens Tidende meinte at boka «fortener å bli ståande som standardverket om forfattaren». Boka fekk mykje publisitet for Eide si misnøye med Jon Eikemo sine Sande-tolkingar. Eide meinte at Eikemo hadde framstilt Sande som ein moromann, og at skodespelaren hadde fortrengt den mørke straumen av einsemd og fortaping i Sande si dikting. Dette tok media tak i og Eide måtte forklare seg nærare i både radio og aviser.[1]

Eide har også samla idrettslaget Sandane Turn og Idrettslag si hundreårige historie mellom to permar. Boka kom ut to år etter jubileumet. Han er også mykje brukt som bokmeldar.

Eide var lektor i norsk og mediefag ved Firda vidaregåande skuleSandane i Sogn og Fjordane, og hadde stilling som utviklings- og fornyingsleiar. Han har også har hatt ei rekkje tillitsverv i organisasjonar, mellom i anna Nordfjord Folkemuseum. Han sit dessutan i utvalet for utvikling av norskfaget, og var medlem av læreplangruppa for norsk og aktiv i arbeidet med dei nye læreplanane for norskfaget i Kunnskapsløftet. Ove Eide har også vore medlem av Språkrådet sitt fagråd for skule og offentleg forvalting.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Jon Eikemos ære» av Olav Kobbeltveit på BT.no (25.10.2006).
  2. Språkrådet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]