Ove Høegh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ove Høegh
Ove Guldberg Høegh.JPG
Fødd 23. april 1814
Grue
Død

7. februar 1863
Oslo

Yrke lege, politikar

Ove Guldberg Høegh (23. april 18147. februar 1863) var ein norsk lækjar og stortingsmann, fødd på Grue.

Høegh var son til futen Dines Høegh, ein av dei mange som omkom i kyrkjebrannen på Grue i 1822. Etter å ha vorte student frå Skiens skole i 1833, vart Ove Høegh cand.med. i 1840. Allereie i 1836 og 1837 var han lækjar i Lofoten under lofotfisket, og i 1838 fungerte han ei tid som «distriktslæge» i Salten. I 1841 var han privatlækjar i Lødingen, før han vinteren 1842 atter var «fiskerilæge» i Lofoten og 1843 var lækjar ved koparverket i Alta. Frå 1845 var han distriktslækjar i Senja, busett i Trondenes. Sommaren 1854 flytta han til Trondheim, då han var utnemnd til Noregs fyrste overlækjar for «den spedalske syke». Dei neste åra var han heile sommarhalvåret på reiser langs norskekysten, der han kartla utbreiinga av sjukdomen og i 1856 oppretta Lepraregisteret, verdas fyrste pasientregister, eit register som i 2001 vart innlemma i UNESCO sine verdsminne.

Høegh var stortingsrepresentant frå Finmarkens amt (Troms og Finnmark fylke) i 1851 og 1854, og frå bykrinsen Trondhjem og Levanger i 1862-63. På Stortinget var han i 1851 og 1854 medlem i Budsjettkomiteen, og 1862-63 i Gasjekomiteen. Han døydde av tyfusRikshospitalet i Christiania, medan han var i hovudstaden som stortingsmann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Om Høegh og hans arbeid med spedalsksykja i Ti tusen skygger, s. 116-131, av Bjørn Godøy.