Overernæring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Overernæring er ei form for feilernæring der ein får i seg meir næring enn ein treng, det vil seia fleire næringsstoff enn kroppen kan bruka til vanleg vekst, utvikling og stoffskifte.

Overernæring over lang tid kan føra til fedme[1] og auka risiko for ein del sjukdommar, som hjarteinfarkt.[2]

Om ein tilfører for mykje av særskilde næringsstoff, som vitaminar eller mineral, kan ein få problem som hypervitaminose eller jernforgifting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Olsen, Thale Kristin (14. oktober 2015). «fedme». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  2. Arnesen, Harald; Bendz, Bjørn; Steigen, Terje (13. november 2018). «hjerteinfarkt». Store medisinske leksikon (på norsk).