Overflatisk vene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Overflatiske vener i underarmen
Overflatiske vener i juret til ei mjølkeku

Overflatiske vener (vena superficialis) er vener som ligg nær kroppsyta, til skilnad frå djupe vener, som sit djupare i kroppen.

Overflatiske vener står ikkje i par med pulsårer, slik som ofte er tilfelle med djupe vener. Venene er viktige for kjøling av kroppen. Når kroppen er heit, blir blodet sendt frå dei djupe venene til dei overflatiske venene for å leggje til rette for varmetransport til omgjevnadane. Overflatiske vener er vanlegvis synlege under huda, og dei som ligg nedanfor hjartet plar å bule ut. Vener blir meir framståande etter vektlyfting, særleg etter ein periode med styrketrening.

Overflatiske vener er ikkje like viktige som djupe vener fordi dei frakter mykje mindre blod. Dei blir stundom fjerna gjennom eit inngrep kalla stripping, som del av behandling av åreknutar.[1]

Overflatiske vener[endre | endre wikiteksten]

Hovud og hals[endre | endre wikiteksten]

Overekstremiteten[endre | endre wikiteksten]

Underekstremiteten[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arnesen, Harald (23. februar 2016). «stripping». sml.snl.no. Store norske leksikon. Henta 24. november 2016.