Overflod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Overflod, allegorisk måleri frå 1700.

Overflod viser til å ha store mengder av noko, som mat eller rikdom. Det viser gjerne til at ein har meir enn det ein treng, eller for mykje.[1] Ordet kjem frå mellomnedertysk overvlōt, nederlandsk overvloed eller tysk Überfluss, som tyder 'å flyta over'.[2]

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Gresk mytologi[endre | endre wikiteksten]

Plutus er ein gresk guddom som lekamleggjer rikdom (ploutos), og er ifølgje Hesiod barn av fruktbarheitsgudinna Demeter. Han blir gjerne framstilt som eit barn med eit overflodshorn i lag med Demeter og dottera hennar Persefone.[3]

Romersk mytologi[endre | endre wikiteksten]

Abundantia, eller overflod, er ein allegorisk guddom frå romersk mytologi som ifølgje Ovid følgde Saturn etter at Jupiter kasta han frå trona. Gudinna hadde ikkje noko eige tempel eller fastsett alter. Ho blir framstil som ein ung, frodig og livleg nymfe, med ein girlander av ulike blomster og med grøne klede som er broderte med gull. I høgre hand held ho hornet til geita Amaltheia, og i venstre hand eit knippe aks. På ein mynt frå Trajan si tid er ho representert med to horn i staden for eitt. På ein annan av Antoninus blir ho sett ståande med utstrekte hender over korger fulle av blomar og frukt. Nokre gonger er ho representert som gudinna Ops eller Ceres. På ein mynt frå Pertinax si tid held ho to aks i høgre hand, og med venstre hand held ho i kleda sine, som er litt trekt vekk frå brystet for å vise fram bysta, og slik indikere kjelda til all rikdom.

Overflod etter Jan Brueghel den yngre.

På ein annan mynt frå Heliogabalus er ho framstilt med høgre fot på ein globe og eit overflodshorn i hendene som ho held opp ned, og det fell ut mengde av ulike gull- og sølvmyntar, eit emblem på ødsling meir enn overflod. På fleire andre gamle myntar har ho ei blomekrone og eit knippe aks av alle slags kornslag, og ved føtene eller på hovudet har fleire aks og ein valmue, eit symbol på herskaren si omsut ved å oppretthalda overflod og tryggleik. Nokre gonger ser ein eit skip på desse myntane, som skal indikere import av kveite frå utlandet. Generelt symboliserer ein caduceus-stav plassert mellom kveiteaks, som ein ser på nokre myntar, overflod som eit resultat av fred. Ein statue av Abundantia i Capitol-museet held ein pung i høgre hand og ein krans i venstre hand. Fleire keisarinner blei framstilt som aspekt av Abundantia.

Overflodshorn på myntar er også eit symbol på guddomen.

Copia er ei personleggjering av overflod som liknar mykje på Abundantia.

Hinduisme[endre | endre wikiteksten]

Laksjmi med symbol på overflod i form av myntar og mat.

Fleire hindugudar er knytte til rikdom og overflod. Laksjmi har ei viktig stilling som ei gudinne som kan gje rikdom. Ho blir ofte framstilt med ei full krukke eller ein flaum av gull eller myntar, og med ein signande handgest, varadamudra, som står for ei signing av rikdom til dei som tilber henne.[4] Rikdommen ho gjev kan også vera andeleg, eller knytt til mat, natur og barn.[5]

Kugudinna Kamadhenu er også knytt til rikdom og overflod, særleg som gjeve frå heilage kyr.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «overflod» i Nynorskordboka.
  2. «overflod» i Det Norske Akademis ordbok
  3. https://www.britannica.com/topic/Plutus
  4. «Lakshmi: The Divine Goddess of Prosperity and Abundance», HD Asian Art (på engelsk), 9. november 2023, henta 18. mai 2024 
  5. Neelakandan, Aravindan (2023-11), «Think Lakshmi Signifies Only Riches? Welcome To The Hindu Concept Of Abundance», swarajyamag.com (på engelsk), henta 18. mai 2024 
  6. Biardeau, Madeleine (1993). «Kamadhenu: The Religious Cow, Symbol of Prosperity». I Yves Bonnefoy. Asian mythologies. University of Chicago Press. s. 99. ISBN 978-0-226-06456-7.