Overgangsbustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Auklend overgangsbolig ved Stavanger
Foto: Jarle Vines (2010)
Turman Halfway House, ein overgangsbolig i Austin i Texas

Overgangsbolig i kriminalomsorga (uoffisiell nynorsk overgangsbustad, på svensk: halvvägshus og på engelsk ofte kalla Halfway House) er eit tilbod og eit ledd i den gradvise attføringa til samfunnet for innsette i fengsel. Ein overgangsbustad skal ha fagleg kompetanse som især gjer noko for å gje dei innsette bu-, arbeids- og sosial trening. Innsette kan overførast ifrå fengsel med høgt eller lågare tryggleiksnivå til overgangsbolig når ein del av straffen er ferdig sona.

Fengselsinnsette i Noreg kan søke om plass på ein overgangsbustad ved slutten av soninga. For å få til dette må den innsette ha skoleplass eller jobb (gjerne som arbeidstreningstiltak). Bebuarane må som regel kome rett heim etter jobb eller studiar. Dei vert testa for bruk av rusmiddel og har òg andre plikter i tilhøve til fellesskapet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Type fengsel og sikkerhet www.kriminalomsorgen.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Overgangsbustader i Noreg