Overmetting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Overmetting er eit omgrep for ei løysing som inneheld meir av eit oppløyst stoff enn ho normalt kunne ha innehalde under normale forhold. Omgrepet kan òg gjelde for damp av eit stoff som har høgare (partielt) trykk enn damptrykket til stoffet.

Kondensasjon[endre | endre wikiteksten]

Små partiklar kan føre til at enkelte stoff løyser seg opp i ei løysing eller kondenserer frå damp. I fast form kan desse partiklane føre til at det blir danna krystallittar eller til og med store krystallar. Overmetting er eit mål på avviket til eit oppløyst stoff frå likevektsverdien sin.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kolsyrevatn og øl er døme på væsker som er overmetta med karbondioksid i vatn. Det høge trykket i ei flaske gjer at karbondioksid kan løyse seg betre opp i vatn enn under vanleg lufttrykk. Ved atmosfærisk trykk forsvinn karbondioksidgassen svært sakte frå den overmetta væska. Denne prosessen kan derimot aukast visst det er partiklar i væska, som luftbobler som oppstår når ein ristar flaska, eller stoff som sukker. Mentosutbrot er eit heller ekstremt døme på dette.

Vevet til dykkarar blir overmetta av lufta dei andar inn medan dei dykkar. Visst dykkaren stig opp for raskt, kan desse gassane danne bobler som fører til dykkarsjuke.

Visst luft er overmetta av vatn, kan det dannast vassdropar utan at ein har kondensasjonskjerner. Dette kan ein observere i eit tåkekammer.

Overmetta løysinger av sukker og vatn blir brukt til å lage kandissukker.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]