Owlboy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Owlboy

Utviklar(ar)D-Pad Studio
Utgjevar(ar)D-Pad Studio
DistributørSteam, GOG.com, Humble Store, Nintendo eShop, Microsoft Store, PlayStation Store
Kreativt ansvarleg(e)Simon Stafsnes Andersen
Design(ar)Simon Stafsnes Andersen
Adrian Bauer
Komponist(ar)Jonathan Geer
SpelmotorMicrosoft XNA
Plattform(er)Microsoft Windows, Linux, macOS, Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One
UtgjevingMicrosoft Windows
1. november 2016
Linux, macOS
27. januar 2017
Nintendo Switch
13. februar 2018 PlayStation 4, Xbox One
10. april 2018
SjangerPlattform-eventyr
SpelemodusEinspelar
Nettstadhttp://www.owlboygame.com/

Owlboy er eit plattform-eventyrspel utvikla og utgjeve av den uavhengige norske spelutviklaren D-Pad Studio. Spelet har hatt ein særs lang utviklingsfase, frå utviklinga byrja i 2007, til spelet vart utgjeve til Microsoft Windows i november 2016. Januar 2017 kom Owlboy ut til Linux og macOS, i februar 2018 til Nintendo Switch og i april 2018 til PlayStation 4 og Xbox One.

Owlboy går føre seg i eit land i himmelen. Spelaren styrer ein gut som heiter Otus, som er ein medlem av ein hybridrase av ugle-menneske. Når landsbyen til Otus er åteken av piratar, drar han ut på ei reise for å redde heimstaden frå dei.

Otus kan flyge og bere og kaste objekt medan han er i lufta. Etter kvart som handlinga i spelet skrir fram, møter Otus allierte som følgjer han gjennom reisa. Dei allierte har kvar sine eigne våpen med ulike eigenskapar. Owlboy har fått særs gode kritikkar etter at det vart utgjeve.[1][2][3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Owlboy Review». IGN. Henta 13. februar 2018. 
  2. «Owlboy review». Eurogamer. Henta 13. februar 2018. 
  3. «ANMELDELSE: Owlboy». Gamer.no. Henta 13. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]