Oxenstierna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oxenstierna er ei svensk såkalla uradlig ätt frå Småland, og mellom dei eldste adelsættene i Sverige. Uradel er eit svensk omgrep for dei adelege ættene som hadde forfedre som høyrde til det svenske frälset i året 1350. Å høyre til frälset innebar at dei var frelst (friteke) frå å betale skatt. Dette kunne dei oppnå etter å ha teke på seg visse pliktar, som til dømes såkalla rusttjänst i samsvar med dei føresegnene kong Magnus Ladulås kunngjorde på Alsnö hus i 1280, som kunne vere å bidra med ein fullt utrusta krigar med hest når det var naudsynt under krig. Dei som hadde fått seg kongelege privilegium, kunne likeeins høyre til frälset. Eller dei kunne høyre til det andliga frälset, som vil seie presteskapet. Dei ættegardane desse ættene sat på, vart kalla frälsegårdar.

Frå stamtreet til ætta Oxenstierna har det vekse ut fleire greinar: Oxenstierna af Croneborg, Oxenstierna af Eka och Lindö, Oxenstierna af Korsholm och Wasa og Oxenstierna af Södermöre. Fleire av medlemane i ætta har vore riksråd og rikskanslar i mellomalderen. Den mest namngjetne av dei mange personane som spela ei viktig rolle i det offentlege livet i mellomalderens Sverige, er truleg Axel Oxenstierna.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.