Oxfordrørsla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oxfordrørsla (engelsk: Oxford movement) var ei anglokatolsk rørsle som freista å atterreise dei katolske og oldkyrkjelege prinsippa som tilhengarane meinte låg til grunn for anglikanismen.

Rørsla sprang ut av den den anglikanske kyrkja rundt 1830: startskotet var ei preike med tittelen National Apostasy som John Keble heldt den 14. juli 1833 i universitetskyrkja St Mary the Virgin. Alle dei sentale personane, John Keble, John Henry Newman og Edward Bouverie Pusey, underviste ved University of Oxford. Eit anna kjent medlem var Frederick William Faber, som liksom Newman blei katolsk prest og oratorianar.

Eit anna namn på rørsla, Tractarian Movement, fekk den på grunn av dei mange traktatane Newman gav ut i serien Tracts for the time (1833 til 1841). Newman skreiv historia til Oxfordrørsla i sjølvbiografien Apologia pro vita sua (1864).

Leiarane i den anglikanske kyrkja fordømde først læra deira, då oxfordtilhengjarane stilte spørsmål ved legitimiteten til anglikanismen, men seinare utvikla rørsla seg til «High Church»-retninga i den anglikanske kyrkja som fekk innverknad på det liturgisk-teologiske området, i motsetnad til den protestantiske «Low Church»-retninga.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Wilfrid Philip Ward: William George Ward and the Oxford movement. Macmillan, London 1889 (nytrykk New York 1977)
  • Hvorfor jeg tror på Oxfordbevegelsen. Besvart av dr. Cathrine Hambro, skibsreder Mørland, kommandør Larsson, fengselsprest Selvig med fleire. 125 sider. Blix forlag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]