Oxie

Koordinatar: 55°32′57.901″N 13°5′49.474″E / 55.54941694°N 13.09707611°E / 55.54941694; 13.09707611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°32′57.901″N 13°5′49.474″E / 55.54941694°N 13.09707611°E / 55.54941694; 13.09707611

Oxie kyrkje

Oxie er ein tettstad i Malmö kommun i Skåne län i Sverige. I 2011 hadde tettstaden 11 493 innbyggjarar. Oxie ligg cirka 5 kilometer søraust for Malmö, og er både ein forstad til Malmö og ein bydel i Malmö kommune.

Tettstaden ligg ved E65 og består hovudsakleg av villabusetnad. Jernbanen mellom Malmö og Ystad går gjennom tettstaden og det har ein eigen jernbanestasjon. Det er òg eit vasstårn og ei kyrkje i tettstaden, samt ungdomsskulen Oxievångsskolan. Den eldste delen av kyrkja på staden er frå 1100-talet, medan tårnet er frå 1400-talet. Kyrkja vart ombygd til krosskyrkje i 1849.

Namnet kjem av førstleddet Os, med tydinga elvemunning og endinga -ie, ei vanleg ending i sørvestre Skåne med tydinga gravhaug. I Oxie finn ein Oshögavägen, som minnar om den opphavlege namneforma. Oxie var opphavleg tingplass i Oxie herred.

Delområde[endre | endre wikiteksten]

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]