Ozias Leduc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ozias Leduc
Ozias Leduc mon portrait 1899.jpg
Fødd 8. oktober 1864
Mont-Saint-Hilaire
Død

16. juni 1955
Saint-Hyacinthe

Yrke kunstmålar

Ozias Leduc (8. oktober 186416. juni 1955) var ein kanadisk kunstnar som var ein av dei tidlege målarane i Quebec. Han måla hovudsakleg portrett, stilleben og landskap, i tillegg til religiøse arbeid.

Liv[endre | endre wikiteksten]

'Gut med brød', 1892-99, National Gallery of Canada.
La Liseuse, 'den lesande jenta', 1894.

Leduc var fødd i Saint-Hilaire-de-Rouville, i dag Mont-Saint-Hilaire i Montérégie i Quebec. Han var son av ein snikkar og var del av ein syskenflokk på 10.

Leduc var hovudsakleg sjølvlært som målar. Rundt 1880 arbeidde han med ein italiensk målar, Luigi Cappello, på kyrkjedekorasjonar. Rundt 1881, blei han tilsett ved Carli, ein statuemakar i Montreal. Rundt 1883 arbeidde han saman med Adolphe Rho for å dekorera ei anna kyrkje, denne i Yamachiche. Etter dette byrja han å arbeida åleine på kyrkjedekorasjonar.

I 1897 vitja Leduc Paris og London på ein kort tur saman med Marc-Aurèle de Foy Suzor-Coté. Her blei han påverka av impresjonismen og kanskje endå meir av symbolismen.

I heimbyen levde Leduc eit tilbaketrekt liv, og blei kalla vismannen i St-Hilaire.[a] Men han var slett ikkje avskoren frå den fransk-kanadiske intelligentsiæn, og hadde kontakt med forfattarar som Arsène Bessette, Guy Delahaye, Olivier Maurault, Ernest Choquette, Rodolphe Duguay, Albert Tessier, diktarar som Marcel Dugas, Léo-Paul Morin, René Chopin og Robert de Roquebrune, arkitektane Louis-Napoléon Audet og Ernest Cormier og politikarane Louis-Philippe Brodeur og Philippe-Auguste Choquette[1]

Han blei tildelt eit æresdoktoat frå Université de Montréal i 1938. Han blei også medlem av Royal Canadian Academy of Arts.[2] Han var ein lærar for kunsntarane Paul-Émile Borduas og Gabrielle Messier.

Ozias Leduc døydde i Saint-Hyacinthe i 1955.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Gjennom karrieren sin dekorerte Leduc over 30 kyrkjer og kapell i Quebec. Han er best kjend for dekorasjonsarbeidet sitt i kyrkja Notre-Dame-de-la-Présentation i Shawinigan, eit prosjekt det tok han tretten år å fullføra.[3]

Leduc tok også fleire portrettoppdrag, mellom anna for familien Choquette, som han laga 3 måleri for med inspirasjon frå det landlege landskapet i Montérégie.[4] Landskapsmåleria hans frå 1913-1921, særleg Cumulus bleu, Fin de journée, Effet gris (neige), Pommes vertes, Neige dorée og L'Heure mauve, og teikningar i serien Imaginations (1936-1942), er rekna som nokre av dei viktigaste frå karrieren hans.[3]

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

'Den unge studenten' (1894)

Etter at han døydde er berka hans blei stilde ut fleire gonger ved galleriet L'Art français.[5]

20. mai 1988 gav Canada Post ut frimerket The Young Reader, Ozias Leduc, 1894 i serien Masterpieces of Canadian art. Frimerket var utforma av Pierre-Yves Pelletier etter måleriet The Young Student (1894) av Leduc. Måleriet viser Ozias Leduc sin yngre bror som sit over ei bok med ein blyant i handa.[6]

Kyrkja Notre-Dame-de-la-Présentation i Shawinigan blei utnemnd til eit nasjonalt kulturminne (National Historic Site of Canada) i 2004.[7][8]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «le sage de St-Hilaire»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jean-Mathieu Nichols, «Ozias Leduc et son réseau artistique», L'Œil régional, 27 août 2005, p.45
  2. «Members since 1880». Royal Canadian Academy of Arts. Henta 11 September 2013. 
  3. 3,0 3,1 Leduc, Ozias
  4. Laurier Lacroix (sous la direct. de), Ozias Leduc. Une œuvre d'amour et de rêve, Montréal, Musée des Beaux-Arts de Montréal, 1996,p.291
  5. Paul Gladu, "À la Galerie l'Art français...Comme notre vie nationale a peu inspiré nos peintres!" dans Le petit journal, 27 décembre 1964, p. A-28, "En visitant (...) la Galerie L'Art français (...) voici un ensemble riche et varié. Des anciens, (...) Ozias Leduc"
  6. Canada Post stamp
  7. Church of Notre-Dame-de-la-Présentation, National Historic Site of Canada
  8. «Church of Notre-Dame-de-la-Présentation», Canadian Register of Historic Places\accessdate=19. mars 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bilde og galleri[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ozias Leduc

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Kritikk og tolking[endre | endre wikiteksten]