Páramo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jamesonia codiferous i páramo-vegetasjon i Chirripó-massivet i sørlege Costa Rica
Foto: Cody Hinchliff/Flickr
Blomar på Chuquiraga jussieui ved ein innsjø i nasjonalparken Cajas i Ecuador
Foto: Wikimedia-brukar Haplochromis
Espeletia grandiflora i Páramo de Guerrero, Colombia
Foto: Friedrich Kircher
Landskap i Páramo de Sumapaz, ved Bogotá, Colombia
Foto: Wikimdia-brukar Yrp
Espeletia-plantar ved fjellområdet Nevado de Santa Isabel i den sentrale fjellkjeda av Andes, sentralt i Colombia
Foto: Luis Pérez

Páramo kan referere til ei rekkje alpine økosystem.[note 1] Nokre økologar skildrar páramo breitt som «område med tropisk, høgtliggande vegetasjon over den kontinuerlege tregrensa».[1] Eit meir snevert omgrep klassifiserer páramo i samsvar med den regionale lokaliseringa til dei nordlege Andesfjella i Sør-Amerika og tilstøytande sørlege Sentral-Amerika. Páramo er økosystemet av regionane over skoggrensa, men under den permanente snøgrensa.[1] Dette er eit neotropisk høgtliggande fjellbiom med ein vegetasjon hovudsakleg av gigantiske rosettplantar, buskar og gras.[2] Ifølgje forskarar kan páramo vere blant dei raskast utviklande regionar på jorda.[3]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I strengaste forstand av omgrepet, ligg alle páramo-økosystema i neotropane, spesielt Sør- og Mellom-Amerika. Ein finn desse økosystema hovudsakleg i det nordvestlige Sør-Amerika, i Venezuela, Colombia, Peru og i Ecuador, spreidd over regionane mellom breiddegradane 11° N og 8° S.

I Venezuela oppstår páramo i Cordillera de Mérida, vest i landet i den nordaustlege utlauparen av Andesfjella. Páramo-økosystem er òg funne i Sierra Nevada de Santa Marta, langt nord i Colombia, og i regionane i Huehuetenango og El Quiché i Sierra de lós Cuchumatanes, i Guatemala. Cordillera de Talamanca i Costa Rica og i den vestlegaste delen av Panama har òg páramo.

Fleirtalet av páramo-økosystema er oppstått i colombiansk Andes. SumapazDen cundiboyacanske høgsletta, ca. 20 km frå Bogotá, er det største páramosystemet i verda. Denne regionen vart erklært nasjonalpark i Colombia i 1977 på grunn av tydinga den har for biologisk mangfald og er den viktigaste vasskjelda for den tettast folkesette delen av landet, Bogotá Savannah.

Den 5,7 kvadratkilometer store Wildlife Refuge Park i San José-provinsen i Costa Rica vernar eit tropisk páramo skogområde i dei høgtliggande delane av Talamanca-fjella.[4]

Cotopaxi nasjonalpark inneheld 329,9 kvadratkilometer med verna land i Cotopaxi-provinsen i Ecuador. Mykje av denne parken er páramo. Floraen her omfattar ulvefot-plantar, plantar i storsøteslekta og vendelrotslekta, og Loricaria og Chuquiraga i korgplantefamilien.[5] I nordlege Ecuador, er Guandera biologiske stasjon eit ganske upåverka páramo-økosystem.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i páramo-økosystema varierer litt avhengig av staden. I Colombia og Nord-Ecuador, der luftmassar frå den intertropiske konvergenssona (ITCZ) har ein monaleg effekt på klimaet, og desse regionane har ein tendens til å vere konsekvent fuktig, ca. 70-85 %[2] gjennom heile året. Andesfjella spelar òg ei nøkkelrolle i klimaet i desse regionane fordi dei påverkar med orografisk heving slik at fuktig luft stig opp. Dette skaper kontinuerleg fukt med regn, skyer og skodde, mange av områda mottar over 2000 mm årleg nedbør.[2]

I det nordlegaste Andes i Venezuela, Nord-Colombia og i Costa Rica kan ein observere páramo-økosystema eit anna klima grunna den tørre årstida, som følgje av dei nordaustlege passatvindane. Sørlege Ecuador og nordlege Peru opplever den mest utprega tørka, påverka av ein luftmasse frå Amazonas-bassenget som frigjer fukta på den austlege skråninga av Andes, og er dessutan påverka av ein anna luftmasse frå vest som følgje av Perustraumen.

Samla sett er páramo-klima kjent for daglege svingingar i temperatur og luftfukt. Jamvel om dei vanlegvis er kalde og fuktige økosystem, kan dei ofte gjennomgå snøgge og drastiske endringar i vêret der temperaturen varierer frå under frysepunktet opp til så høgt som 30° C. Denne oscillasjonen resulterer ofte i ein dagleg fryse-og-tine syklus, nokon gonger skildra som «sommar kvar dag og vinter kvar natt».[2] Middelverdien av lufttemperaturen gjennom året i páramo-økosystema varierer frå 2° C til 10° C, med minkande temperaturar på høgare breiddegradar.

Jordsmonn[endre | endre wikiteksten]

Døme på erosjon i páramo, som følgje av vind og overbeiting, Páramos de las faldas del Chimborazo, Ecuador
Foto: Patricio Mena Vásconez

Jordsmonnet i páramo-økosystema varierer, men dei fleste er unge og delvis forvitra. Jordsmonnet har ein relativt låg pH på grunn av ein overflod av fukt og organisk innhald. Sjølv innanfor område som er påverka av menneskeleg aktivitet, bidrar organisk innhald til væskesamlingar i jorda. I kaldt og vått vêr, er det få næringsstoff tilgjengeleg og produktivitet er veldig låg i páramo-jord.[6] Jordsmonn i páramo-økosystem har blitt endra på grunn av menneskeleg aktivitet, spesielt når det har skjedd brenning av vegetasjonen for å rydde land til beitemark.

Vegetasjonssoner[endre | endre wikiteksten]

Páramo-økosystema kan delast inn i separate soner basert på høgd og vegetasjonsstruktur, med tre hovudtypar av vegetasjon ujamnt fordelt over dei ulike sonene.

Superpáramo[endre | endre wikiteksten]

Superpáramo er den mest høgstliggande sona og er vanlegvis rekna som overgangssona mellom regionen med permanent snø og den lågare graspáramosona. Superpáramo er generelt smal og er karakterisert av sandbotn med lause steinar i høgder mellom ca. 4 500 og 4 800 moh. Her er lågaste lufttemperatur, minste nedbørsmengda, minst vasskapasitet i jordsmonnet med skrinnast næringsinnhald av alle sonene. Vegetasjon i superpáramo kan vere særs motstandsdyktig mot variasjonar i vêret. Her er kaldt om natta og kjølig i gjennom dagen med daglege svingingar større enn svingingar av månadleg gjennomsnitt.[2] På grunn av lokalisering i høgfjellet, er desse områda påverka av menneske berre i liten grad, og her finst dei mest endemiske artane av alle soner. Flora inkluderer artar frå skjermplantefamilien, korgplantefamilien erteblomfamilien og lyngfamilien.

Graspáramo[endre | endre wikiteksten]

Graspáramo dekker store delar av fjellområda, strekkjer seg ca. 3 500-4 100 moh., og vegetasjonen består for det meste av grasartar i tuver.[2] Gras av dei biologiske slektene Calamagrostis og Festuca har ein tendens til å dominere denne sona. Anna vanleg vegetasjon omfattar store og små buskar, vridde tre, puteplantar, urter og rosettplantar.[2] Sjølv om desse er dominerande artar, kan graspáramo òg innehalde høgt og kort gras, inkludert urteaktig og treaktig vegetasjon. På grunn av enklare tilgjenge og høge grasmengder, er denne sona meir påverka av menneske og lir både brenning og beiting.

Subpáramo[endre | endre wikiteksten]

Subpáramo er den lågste og mest varierte sona, 3 000-3 500 moh. Ho er dominert av buskar, men kombinerer aspekt av både graspáramo ovanfor og skogsona nedanfor. Subpáramo inkluderer kratt som hovudsakleg består av buskar eller treaktig vegetasjon, medrekna artar frå slektene Ilex, Ageratina, og Baccharis. Fragmentert skog kan treffast i subpáramo på grunn av naturgjevne tilhøve, men dei mest synlege endringane er vanlegvis menneskeskapte, som hogst, brenning, og husdyrbeiting. På grunn av desse høge nivåa av påverknader, trur ein at subpáramo stort sett består av sekundærvaksen vegetasjon. Tregrensa er endra, ofte senka dei med fleire hundre meter, som òg har påverka utvalet av habitat for mange dyreartar.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Vegetasjonen av páramo gjev ly og habitat for ei rekkje pattedyr, fuglar, insekt, amfibium og krypdyr. Nokre dyr som vanlegvis finst i páramo-økosystem inkluderer andesrev (Lycalopex culpaeus), kvithalehjort (Odocoileus virginianus) og brillebjørn (Tremarctos ornatus) som til tider beitar høgt for å ha tilgang til den favoriserte føda, bromeliadar.[7] Virvellause dyr som grashopper, kakerlakkar, biller og fluger lever i subpáramo. Amfibium er godt dokumenterte i páramo-økosystem, inkludert salamandrar som Bolitoglossa-artar samt froskar som Eleutherodactylus-artar. Krypdyr inkluderer øgler i slektene Stenocercus, Phenacosaurus og Proctoporus.

Sekstini fugleartar er rekna som «komplette brukarar» av páramo-habitat, «41 artar har det som sine primære habitat og 16 er indikatorartar».[2] Andeskondor, òg kalla «kongen av Andesfjella», er ikkje lenger ofte sett. Dei mest talrike fuglefamiliar i páramo inkluderer ørner, kolibriar, omnfuglar, tanagarar, og tyrannar, amerikanske flugesnapparar.[7] Nokre kolibriar held ut det kalde klimaet ved å gå inn i «ein slags nattleg dvalemodus».[7]

Kolibriar, bier og fluger er alle viktige pollinatorar i páramo, medan fuglar og mindre pattedyr som kaninar og marsvin er viktige frøspreiarar. Mange av dei større pattedyra i páramo er sjeldne på grunn av jakt.

Menneskeleg påverknad[endre | endre wikiteksten]

Storfe vart introdusert i páramo-økosystem i byrjinga av 1700-talet. Her ein okse i Sierra Nevada de Mérida, Venezuela, 4600 moh.
Foto: Wikimedia-brukar The photographer

Menneske kan ha hatt nærvere i páramo i Andesfjella i opptil 15 000 år.[treng kjelde] Avskoginga har vore omfattande og i nokre tilfelle, som dei nordlege Andesfjella, er 90-95 % av skogen rydda. På andre stadar i Venezuela og Colombia finst indikasjonar på at menneske busette seg for minst 800 år sidan, og brukte landet til jordbruk og jakt.[2]

Då europearane kom til Amerika, introduserte dei framande plantar og dyr som i stor grad påverka økosystema, spesielt storfe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  • Sarmiento, Fausto O., Contesting Páramo: Critical Biogeography of the Northern Andean Highlands, Kona Pub. and Media Group, 2012
Referansar
  1. 1,0 1,1 Baruch, Zdravko (20 March 1984). «Ordination and Classification of Vegetation along an Altitudinal Gradient in the Venezuelan Páramos». Vegetation. 2 55: 115–126. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Luteyn, James L. (1999). Páramos: A Checklist of Plant Diversity, Geographical Distribution, and Botanical Literature. Bronx, New York: New York Botanical Garden Press. 
  3. Zimmer, Carl (November 7, 2013). «High Above Sea Level, Evolutionary Hot Spots». New York Times. Henta November 8, 2013. 
  4. «Paramo Wildlife Refuge». 
  5. Marbache, Julie. «National Parks». Henta 29 November 2011. 
  6. Hofstede, Robert; Arnout Rossenaar (February 1995). «Biomass of Grazed, Burned, and Undisturbed Páramo Grasslands, Colombia. II. Root Mass and Aboveground:Belowground Ratio». Arctic and Alpine Research 27 (1): 13–18. doi:10.2307/1552063. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Biodiversity: Paramo Regions». Henta 29 November 2011. 
Notar
  1. Sarmiento (2012) hevdar at det er vanskeleg å definere 'páramo', og det finst ikkje nokon samanfallande forståing blant brukarar i ulike faglege disiplinar (s. 15)