Páros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Páros
Lokalt namn Πάρος
Landsbyen Náousa nord på Páros.
Landsbyen Náousa nord på Páros.
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°05′N 25°09′EKoordinatar: 37°05′N 25°09′E
Øygruppe Kykladane

Areal 196,3 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Páros
Største busetnad Páros (4 326 innb.)

Demografi
Folketal 13 715 (2011[1])
Folketettleik 69,8 /km²
Plasseringa til Páros i Egearhavet.
Vindmølle i Páros by (Parikía). Tradisjonell kykladisk utforming.
Kvitvaska hus i Páros by (Parikía).
Venus de Milo. Skulptur skjert ut i marmor frå Páros, om lag 100 fvt., Louvre i Paris.

Páros (gresk Πάρος, italiensk Paro) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg vest for Náxos og mellom dei ligg eit 8 km breitt sund. Ho ligg om lag 185 km søraust for Pireus. I dag er Páros ein stor turistdestinasjon for europeiske turistar.

Páros er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Páros i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Páros er hovudstad i periferieininga..[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Páros 13 715 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 4 326 innbyggjarar.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Páros er om lag 21 km lang og på det breiaste 16 km med eit areal på 165 km². Øya har ei rund pæreform, og er danna rundt eit enkelt fjell som er om lag 800 meter høgt. Fjellet heller nedover frå alle sider mot ei kystslette, som er breiast i nordaust og sørvest. Øya består av marmor, men ein finn òg gneis og glimmerskifer enkelte stader. Vest for Páros ligg den mindre naboøya Andíparos. På det smalaste er sundet mellom desse to øyane mindre enn 2 km. Ei bilferje går dagen lang mellom dei to øyane (frå Poúnda, 4–5 km sør for Páros by). I tillegg ligg det fleire andre småøyar rundt Páros.

Øya er kjend for strendene sine. Den største av desse er Khrysí Aktí nær Drios på austkysten mot Naxos. Den vedvarande sterke vinden i sundet mellom Páros og Náxos gjer det til ein ynda stad for brettsegling. Andre fine sandstrender finn ein ved Poúnda, Logarás, Píso Livádi, Náousabukta, Páros by og Ajía Iríni.

Hovudbyen Páros by (Parikía) (italiensk Parechia) ligg i ei bukt på nordvestsida av øya, på same stad som den antikke hovudstaden Páros. Hamna er eit transportsenter for ferjer og katamaranar mellom øyane i Egearhavet og frå her går det fleire avgangar dagleg til Pireus, IráklioKreta og andre øyar som Náxos, Íos, Santoríni og Mýkonos. Innseglinga til hamna er frykta for dei mange skjera i området. Under ein storm den 26. september 2000 rende ei bilferje på eit av desse skjera og sokk. 80 menneske mista livet i ulukka.

På nordsida av øya ligg bukta Náousa, som dannar ei trygg og romsleg hamn. I antikken var ho stengd av ein kjetting eller ein bom. Ei anna god hamn er Dryós på søraustsida, der den tyrkiske flåten brukte å ankre opp under si årlege reise gjennom Egearhavet i perioden då Det osmanske riket styrte over Páros (1537-1832).

Dei tre landsbyane Pródromos, Mármara og Márpissa ligg på ei open slette på austsida av øya og har rike spor frå antikken. Sannsynlegvis låg det ein by her på den tida.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje greske segner skal Páros ha vorte kolonisert av ein Paros av Parrhasia, som føte med seg ein koloni frå Arkadía til øya.[3]. I antikken skal øya ha vorte kalla Plateia (eller Pactia), Demetrias, Strongyli (som tyder rund på grunn av forma til øya), Hyria, Hyleessa, Minoa og Cabarnis[4].

Frå Athen kom det seinare ei koloni av jonarar[5], som gjorde øya svært velståande. Dei sende vidare koloniar til Thásos[6] og Pariom ved Hellespont (Dardanellane). Diktaren Arkhilokhos skal ha vore ein del av den tidlegare kolonien, som vart grunnlagd i den 15. eller 18. olympiaden. Så seint som i 385 fvt. skal innbyggjarane på Páros, i lag med Dionysios av Siracusa, grunnlag ein koloni på den illyriske øya Pharos (Hvar)[7].

Kort tid før den gresk-persiske krigen ser Páros ut til å vore underlagd Náxos[8]. Under den første gresk-persiske krigen (490 fvt.) skal Páros ha vald persarane si side og send ein triere til Marathónas for å hjelpe dei. Som følgje av dette vart hovudstaden omleira av ein athensk flåte under Miltiades, som kravde ei bot på 100 talentar. Men byen gjorde kraftig motstand og athenarane vart tvungen til å segle bort etter ei omleiring på 26 dagar. I løpet av denne perioden hadde dei rasert heile øya. Det var ved eit tempel for Demeter Thesmoforos i Páros at Miltiades fekk såret han seinare skulle døy av.[9].

Páros tok òg shahanshah Xerxes I av Persia si side mot Hellas under den andre gresk-persiske krigen (480 - 479 fvt.), men etter slaget ved Artemisium var den pariske kontingenten passiv ved Kýthnos og avventa situasjonen.[10] På grunn av støtta dei gav persarane vart øybuarane seinare straffa av den athenske hærføraren Themistokles, som gav dei ei kraftig bot[11].

Som ein del av Det athenske sjøforbundet betalte Páros den høgaste skatten av alle øymedlemmane, 30 talentar årleg i følgje eit estimat av Olympiodoros (429 fvt.)[12]. Dette tyder på at Páros på den tida var den rikaste øya i Egearhavet. Ein veit lite om styret på Páros, men inskripsjonar tyder på at det var basert på athensk demokrati med ein boule (senat) som styrte forretningane[13]. I 410 fvt. fann den athenske generalen Theramenes eit oligarki som styrte Páros. Han avsette oligarkiet og gjeninnførte demokratiet[14]. Páros vart ein del av det andre athenske riket (378 - 355 fvt.). I 357 fvt. reiv det, i lag med Khíos, seg ut av riket.

Kykladane, og sannsynlegvis òg Páros, kom under Ptolemeardynastiet, det hellenistiske dynastiet styrt av Egypt (305 - 30 fvt.). Páros vart så ein del av Romarriket og seinare Austromarriket.

I 1204 erobra soldatar under det fjerde krosstoget Konstantinopel og styrta det bysantiske riket. Páros vart då ein del av hertugdømet Naxos, som vart styrt av ein venetiansk hertug som ein nominell vassall av fleire krossfararstatar. I praksis var derimot hertugdømet ein del av Republikken Venezia.

I 1537 vart Páros erobra av Det osmanske riket og vart ein del av det fram til den greske sjølvstendekrigen (1821 - 29). Etter Konstantinopeltraktaten i 1832 vart Páros ein del av Kongedømet Hellas. På denne tida var Páros heimstad for ei heltinne for nasjonalistrørsla, Manto Mavrogenous, som hadde finansiert og kjempa i sjølvstendekrigen. Huset hennar nær kyrkja Ekatontapiliani er i dag eit historisk monument.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Páros har skular, eit par latinskular, ei kyrkje, eit postkontor og eit par plassar (plateies). Ho har òg mange hotell og barar. I sommarmånadane er turistaktiviteten stor, særleg unge ryggsekkturistarøyhopping i Hellas.

Páros er òg kjend for den fine kvite marmoren som har gjeve uttrykket parisk porselen.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Páros by (Parikía) 4 326
Náousa 2 468
Alykí 657
Márpissa 582
Mármara 552
Lévkes 545

Andre busetnader på øya:

  • Pródromos (410)
  • Ambelás (296)
  • Ageriá (280)
  • Áspro Khóri (263)
  • Kakápetra (259)
  • Kóstos (253)
  • Poúnda (240)
  • Krotíri (231)
  • Kamáres (189)
  • Kalámi (173)
  • Dryós (171)
  • Maráthi (125)
  • Kámbos (110)
  • Píso Livádi (108)




Småøyar i kommunen:

  • Ajía Kalí (0)
  • Ájos Artémios (0)
  • Gaidouronísi (0)
  • Galiátsos (0)
  • Evriókastro (0)
  • Mavronísi (0)
  • Tetartonísi (0)
  • Toúrlos (0)
  • Filídi (0)
  • Fínisses (0)
  • Ájos Spyrídonas (0)
  • Glarmbouta (0)
  • Mikronísi (0)
  • Panderonísi (0)
  • Tigáni (0)
  • Dryonísi (0)
  • Makronísi (0)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
  2. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     
  3. Heraklides De rebus publicis 8
  4. Stefanos Byz.
  5. Schol. Dionys. Perieg. 525; Herodian I.171
  6. Thukydides Peloponnesarkrigen IV.104; Strabo Geografi 487
  7. Diodoros Sikulos XV.13
  8. Herodotos Historier V.31
  9. Herodotos op.cit. VI.133-136
  10. Herodotos op.cit. VIII.67
  11. Herodotos op.cit. VIII.112
  12. Olympiodoros 88.4
  13. Corpus Inscriptionum Graecarum 2376-2383; Ross, Inscr. med. II.147, 148
  14. Diodoros Sikulos XIII.47

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Páros
Reiseguide for Paros frå Wikivoyage

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Paros frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • J.P. de Tournefort Voyage du Levant I.232 seqq. (Lyon, 1717)
  • Clarke Travels III (London, 1814)
  • Leake Travels in Northern Greece III.84 seqq. (London, 1835)