Päivälehti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Päivälehti

TypeAvis[1]
Grunnlagd16. November 1889'"`uniq--ref-00000001-qinu`"'
SpråkFinsk[1]
ISSN1458-2619[1]

Päivälehti var ei liberal finsk avis som vart utgitt i storfyrstedømmet Finland. Avisa vart grunnlagd i 1889 som eit politisk organ for Ungfinska partiet og vart utgjeve seks dagar i veka.

Politisk sensur av russiske styresmakter, kombinert med avisa sitt forsvar av større finsk fridom og attpåtil sjølvstende, førte til at fleire utgåver av avisa vart stansa. I juni 1904, ei veke etter at aktivisten Eugen Schauman hadde myrda den russiske generalguvernøren Nikolaj Bobrikov, publiserte Päivälehti ein redaktsjonell kommentar om korleis lyset til slutt overvinn mørket ved midsommartid. Konsekvensen var at avisa vart nedlagt.

Eigarane grunnla den nye avisa Helsingin Sanomat fire dagar etter siste utgåve av Päivälehti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://digi.kansalliskirjasto.fi/sanomalehti/titles/1458-2619/data.