Påfuglfasan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Påfuglfasan
Påfuglfasan
Påfuglfasan
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Påfuglfasan
Utbreiinga av Påfuglfasan
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Fasanfamilien Phasianidae
Slekt: Polyplectron
Art: Påfuglfasan P. napoleonis
Vitskapleg namn
Polyplectron napoleonis

Påfuglfasan (Polyplectron napoleonis, tidlegare også Polyplectron emphanum) er ein fasan som lever på øya PalawanFilippinane.

Fuglen er endemisk til Palawan, det vil seia at han berre finst her. Han er rekna som ein sårbar art av IUCN.[1] Ein rekner med at det finst under 50 000 individ av arten, og at talet er synkande.[1]

Ho.

Fuglen har kjønnsdimorfisme der hannar har sterkare fargar enn hoer og er større, med ei typisk lengd på 50 cm mot hoene si lengd på 40 cm. Hannen har ein opprett fjørkam som er mørk på fargen, kvit augebrynsstrek og elles svarte på hovud, underside og rygg. Fjørdrakta på kroppen elles er blågrøn, og halen er spetta og har to rekkjer blågrøne augemerke. Hoa er meir brunleg på farge med svakare merke.[1]

Hoa kan likna på mjaueomnhøne Megapodius cumingii eller jungelhøne (Gallus gallus), men har jamnare brunfarge, lengre hale og kortare føter.[1]

Fuglen er avbilda på seglet til byen Puerto Princesa.

Påfuglfasan er truga av habitattap på grunn av tømmerhogst og anna skogrydding, mellom anna på grunn av gruvedrift, i låglandet på Palawan. Han blir også framleis jakta på nokre stader, sjølv om jakt er ulovleg på heile øya.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 BirdLife International (2016). «Polyplectron napoleonis». The IUCN Red List of Threatened Species 2016. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22679398A92813558.en. Henta 16. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Påfuglfasan
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Polyplectron napoleonis