Pågatåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pågatåget Rio-Kalle, namngjeve etter fotballspelaren Karl Oskar «Rio-Kalle» Svensson (1925-2000). Toget står på Triangeln Station i Malmö.
Pågatåget Hjalmar Gullberg på Malmö centralstation

Pågatåg er nemninga for lokaltog i Skåne og somme tilligjande område i Sverige. Dei vert drivne av det private selskapet Arriva på vegner av administrasjonsselskapet for kollektivtransporten i regionen, Skånetrafiken. Arriva er eit opphavleg engelsk selskap som i 2010 vart eit heileigd dotterselskap av det tyske selskapet Deutsche Bahn.

Jarnbanestasjonar som vert trafikkert med pågatåg er mellom anna Malmö, Lund, Landskrona, Helsingborg, Ystad, Ängelholm, Kristianstad, Simrishamn, Eslöv og Höör, Markaryd i Kronobergs län og Karlshamn i Blekinge län og Laholm og Halmstad i Hallands län.

Pågatåga har fått nemninga si av di kvart av togsetta vert namngjeve etter kvar sin verkelege eller fiktive påg, den skånske nemninga for gut (svensk: pojke). Ei kvinne, forfattaren Victoria Benedictsson, fekk òg eit togsett oppkalla etter seg, men då med det mannsnamnet ho nytta som sitt pseudonym som forfattar, Ernst Ahlgren. Togsetta vart soleis i si tid berre oppkalla etter verkelege eller fiktive gutar eller menn. Men seinare har mange togsett fått namn etter dei rette namna på verkelege eller fiktive kvinner.

Pågatåga kan til dømes vere namngjevne etter reelle personar som den vidgjetne operasongaren Birgit Nilsson eller forfattaren Hjalmar Gullberg, eller slike fiktive personar som Nils Holgersson frå barneboka til Selma Lagerlöf, Jätten Finn (jotunen Finn), som ifylgje ei segn snøgt bygde domkyrkja i Lund i mellomalderen utan å få vederlaget han skulle ha hatt, og Vita Karin, ein gjengangar på Snogeholms slott etter ei kvinne, Lilla Karin, som skal ha arbeidd på slottet på slutten av 1700-talet og døydd tragisk etter å ha vorte narra og mishandla.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pågatåg