Pål Benum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pål Benum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. august 1935
Verdal
Idrett friidrett
Yrke professor, friidrettsutøvar

Pål Sverre Benum (fødd 3. august 1935) er ein professor i medisin og tidlegare langdistanseløpar frå Verdal. Benum er spesialist i ortopedi og arbeidde i mange år på ortopedi-avdelinga ved St. Olavs hospital i Trondheim. Åra 1962-64 vann han tre norske meisterskap på langdistansane 5000 m og 10000 m.

Medisin[endre | endre wikiteksten]

Benum studerte medisin ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. I 1974 avla han den medisinske doktorgraden. Frå 1982 var han professor ved Det medisinske fakultet ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. Han var sentral i oppbyggjinga av Ortopedisk avdeling ved universitetssykehuset St. Olavs Hospital.

Benum vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2006.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Benum markerte seg i nasjonal friidrett i 1958-sesongen då han sette personleg rekord med 3.50,6 på 1500 meter. Gjennom 1959 flytta han den personlege rekorden til 3.47,6 og blanda seg inn i norsktoppen på 5 000 m med tida 14.29,2. I 1961 forbetra han seg til 14.18,6 då han vart nummer fire og beste nordmann i den nordiske meisterskapen i friidrett på Bislett stadion i Oslo.

Sesongen 1962 vart Benum norsk meister på 5 000 m og flytta persen ned eitt sekund til 14.17,6. På 10 000 m hadde han stor framgong, med 29.54,2 forbetra han seg med eit halv minutt på distansen. Året etter flytta han dei personlege rekordane til 14.12,6, oppnådd i Bergen, og til 29.47,6, prestert i Helsinki, den beste tida i Noreg det året.

I OL-sesongen 1964 sette Benum i Stockholm sin endelege personlege rekord på 5 000 m med eit løp på 14.06,6. Den 2. september 1964 gjorde han sitt livs sterkaste milløp då han på Bislett stadion fylgde Odd Fuglem nesten heile vegen i eit løp som gjekk i eit tempo langt under norsk rekord. Fuglem sin nye milrekord kom til å lyde på 29.09,4, Benum vart klokka inn på 29.13,6. Dermed fekk begge billett til Sommar-OL 1964 i Tokyo, der Benum vart nummer 19 på 10 000-meteren.

Han la opp etter 1965-sesongen.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1959: Bronsemedalje på 5 000 m – 14.37,5
  • 1961: Sølvmedalje på 5 000 m – 14.39,4, bak William Heiberg (14.37,0)
  • 1962: Gullmedalje på 5 000 m – 14.25,4, framom Kjell Teien (14.27,4)
  • 1963: Gullmedalje på 10 000 m – 30,20,8, framom Magnar Lundemo
  • 1964: Gullmedalje på 5 000 m – 14.51,6, og bronsemedalje på 10 000 m – 29.28,0

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no