Pål Schjetne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pål Schjetne
Fødd 6. juni 1953
Trondheim
Yrke kombinertløpar

Pål Schjetne (fødd 6. juni 1953) er ein norsk, tidlegare kombinertløpar frå Trondheim. Han vart noregsmeister i øvinga i 1974 og tok elles to NM-sølv. Schjetne representerte Redalen Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Atten år gamle Schjetne imponerte då han vinteren 1972 tok NM-sølvet, bakom Kåre Olav Berg. I 1973 vann han junior-VM i kombinert i Toksovo ved Leningrad i Sovjetunionen. Under NM på ski i 1974 tok han sin einaste NM-tittel, då han i Selbu slo Arne Bystøl med knappe to poeng. Same sesongen kom Schjetne på 9. plass under verdsmeisterskapen i Falun. To år seinare kopierte han denne prestasjonen med ein ny niandeplass under vinter-OL i Innsbruck. Hans beste internasjonale resultat var tredjeplassen i Lahti i 1975, eit renn som vart vunne av verds- og olympiameisteren i kombinert, Ulrich Wehling.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1974: Nr 9 i ski-VM 1974 i Falun og nr 6 i Holmenkollen
  • 1975: Nr 3 i Lahti, nr 6 i Holmenkollen
  • 1976: Nr 4 i Falun, nr 9 i vinter-OL i Innsbruck
  • 1978: Nr 10 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1972: Sølvmedalje i Trondheim
  • 1973: Nr 5 på Lillehammer
  • 1974: Gullmedalje i Selbu
  • 1975: Sølvmedalje i Rælingen
  • 1977: Nr 4 på Vang

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]