Påskeaftan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Påskeaftan (latin Sabbatum Sanctum, «Helgelaurdag») er dagen før påskedag. I kyrkjeleg tradisjon er dagen prega av minnet om at Jesus låg i grava, og at læresveinane hadde låst seg inne, i frykt for dei som hadde krossfesta han. Etter Peters fyrste brev 3,18-19 og 4,6 fór Kristus til dødsriket for å forkynne for dei døde, så de ved Anden skulle leve. På ikon knytt til påska kan vi sjå Kristus sprenge dødsrikets portar, og rekkje handa åt Adam og Eva , åt kongar og profetar.

Skandinavisk feiring av påskeaftan[endre | endre wikiteksten]

I skandinavisk tradisjon er det ingen gudstenester i kyrkjene påskeaftan, men i nokre kyrkjer held dei messe påskenatta for å feire Jesu oppstode. I Skandinavia er helgedagsaftnar tradisjonelt gjenstand for folkeleg feiring. I påska er påskeaftan den store kvelden for feiring og påskefest. Barna får gjerne påskeegg fylte med smågodt.

Katolsk feiring[endre | endre wikiteksten]

300-talet var skikken at konvertittar framsa sin offentlege truvedkjenning denne dagen, før dei vart tekne opp i kyrkjelyden under påskevigilien. Men på 500-talet hadde påskefeiringa forskyvd seg slik at vigilien starta laurdag kveld, og det vart slutt på denne skikken. På 800-talet var det vanleg at vigilien starta allereie ved middagstid, og frå 1300-talet var det vanleg at han vart feira på forskott på påskeaftans morgon.

Ordninga med vigiliemesse på morgonen vart i Missale Romanum frå 1570 slått fast som einaste tillatne ordning i Den katolske kyrkja. Men i 1951 flytta pave Pius XII vigilien til kvelden att. Han skal ikkje feirast før mørkret bryt fram, og helst nær midnatt. Dermed er det på sjølve laurdagen, i kyrkjeleg samanheng rekna frå solnedgang langfredag til solnedgang påskeaftan ingen liturgi. . Dette er den einaste dagen katolikkane ikkje kan ta imot nattverden, bortsett frå om dei er i dødsfare.