Påskekort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Påskekort frå rundt 1916 av jente med gåsungar og egg.

Påskekort er ein type kort delt ut eller sendt som postkort i samband med påske. Det kan innehalda ei påskehelsing og motiv knytt til påske som kan vera religiøse eller sekulære.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein byrja senda påskekort på slutten av 1800-talet. Dei bygde på tradisjonar med påskebrev, brev som barn laga og gav kvarandre i Sverige på 1800-talet, og den aukande interessa for prospektkort. Det var særleg i Tyskland ein byrja trykka påskekort, men dei blei etterkvart laga i fleire land.[1]

Frå 1900 blei det send og laga mange påskekort i Noreg, med ei stordomstid rundt andre verdskrigen.[2] Skikken gjekk tilbake mot slutten av hundreåret, til dels erstatta av e-kort og andre elektroniske kommunikasjonsmiddel.

I Sverige kan barn framleis dela ut heimelaga påskekort eller påskebrev når dei går «påskebukk» utkledde som påskehekser og liknande.[3][4]

Motiv[endre | endre wikiteksten]

Høner og hane i «Hönsenes Fagforening». Påskekort av Jenny Nystrøm frå 1910.
Påskeheks på eit påskekort av Adèle Söderberg.

Utbreidde motiv på tidlege tyske påskekort var påskeharen.[1] Etterkvart som påskekort blei laga fleire stader fekk ein fleire religiøse motiv, som krossar, kyrkjer eller kyrkjegang, og fleire sekulære påsketradisjonar som egg, kyllingar, høns og harar, vårplantar som gåsungar, påskeliljer og påskeris, figurar som påskehekser og påsketroll, og påskeaktivitetar som skigåing og hytteliv.[2] Ofte blir fleire motiv nytta samtidig. Nokre påskekort kan vera humoristiske, til dømes med dyr som oppfører seg som menneske. Nokre kan oppfattast som politiske, som eit kort frå andre verdskrigen med ein marsjerande hane framfor rekkjer av høns - tolka som eit symbol på «Hitler med alle sine høns.»[5]

Nokre norske kunstnarar som laga mange påskekort var Kjell Aukrust, Andreas Bloch, Harald Damsleth, George Schumann, Erling Nielsen og Gondro Elind. Svenske Jenny Nyström var ein populær påskekortkunstnar.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Påskkortstraditionen i Finland började under 1870-talet». Kyrklig Tidningstjänst. Arkivert frå originalen 15. april 2009. Henta 30. mars 2013.  Arkivert 2009-04-15 ved Wayback Machine.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Påskekort». Vilt og vakkert. 23. mars 2010. 
  3. «Skaffa koll på påsktraditionerna». Sydsvenskan. 30. mars 2018. 
  4. Evelina Hertz (28. mars 2018). «Dags att åka till Blåkulla – vi reder ut vad som gäller». Hässelby Tidning. 
  5. Avdeling for spesialsamlinger. «[Påskekort som symboliserer Hitler med alle sine høns.]». University of Bergen Library. Henta 1. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Påskekort