Påskeliljeslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Påskeliljeslekta
The century supplement to the dictionary of gardening, a practical and scientific encyclopaedia of horticulture for gardeners and botanists (1901) (14591408460).jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Amaryllidoideae
Stamme: Narcisseae
Slekt: Påskeliljeslekta Narcissus
L., 1753

Påskeliljeslekta (Narcissus) er ei slekt i underfamilien Amaryllidoideae i påskeliljefamilien (også kjend som amaryllisfamilien og laukfamilien). Plantane i slekta er kjende som narsissar i gartnarsamanheng. Narsiss er blomen som ifølgje greske soger voks fram på staden der Narkissos døydde.

Slekta omfatter fleirårige urtevekstar med laukar. Plantane i slekta har grunnstilte, linjeforma blad som veks fram samtidig med blomane. Blomestengelen er hol og har éin eller fleire blomar. Blomane kan ha kvite, gule eller oransje fargar. Dei har seks blomsterdekkblad. Innanfor blomsterdekket er det ei bikrone, som ofte har ein annan farge.

Påskeliljeslekta er utbreidd i Europa og middelhavslanda og er rikast utvikla i det vestlege middelhavsområdet. Omfattande dyrking byrja i Nederland på 1500- og 1600-talet. Både villartane og ei rekkje kultivarar og hybridar er populære hageplantar, snittblomar og kan brukast til driving innandørs. Dei dyrka narsissane deler ein i 13 ulike klassar.

Alle artane er giftige og inneheld alkaloidet lycorin. Blomsterdekoratører og andre som har hudkontakt med narsissar kan utvikla eksem mot dei.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Desse artane er registrerte i naturen i Noreg:[1][2]

  • pinselilje (N. poeticus), framandart, tradisjonell produksjonsart, ikkje risikovurdert
  • edelnarsiss (N. ×incomparabilis), framandart, låg risiko (LO) i Framandartslista 2018[3]
  • påskelilje (N. pseudonarcissus), framandart, tradisjonell produksjonsart, ikkje risikovurdert, med underartane
    • nominatunderarten lita påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. pseudonarcissus)
    • stor påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. major)
  • smånarsiss (N. ×cyclazetta), framandart, låg risiko (LO)[3]
  • bukettnarsiss (N. ×medioluteus), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert

Andre artar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 210–211, 1149. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre påskeliljeslekta». Artsdatabanken. Henta 6. mars 2023. 
  3. 3,0 3,1 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 6. mars 2023. 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Påskeliljeslekta
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Narcissus